Fysisk aktivitet i skulen

Hordaland fylkeskommune har som mål å få meir fysisk aktivitet inn i grunn- og vidaregåande skule. For å nå dette målet er det nødvendig med tett samarbeid med kommunane, frivillige organisasjonar og alle relevante aktørar.

Aktiv skulekvardag

Det å innføre  fysisk aktivitet som ein del av skulekvardagen, legg eit godt grunnlag for livslang glede av fysisk aktivitet og førebygging av livsstilssjukdomar. Aktivitetar som er enkle å gjennomføre gjev  meistringskjensle og auka sjølvkjensle, funksjon og yteevne. Barn og ungdom kan finne nye vegar til integrering gjennom aktivitet, noko som kan medverke til betre skulemiljø og mindre mobbing. Det er ei stor samfunnsutfordring at mange elevar i den vidaregåande skulen ikkje får godkjent vitnemål på grunn av manglande karakter i kroppsøving.

For å legge til rette for at alle barn og ungdom kan vere aktive 60 minutt kvar dag er skulen den arenaen ein når alle. Varierte og utfordrande uteområde og turløyper ved barnehagar og skular gjev gode vilkår for ein aktiv kvardag. Organiserte aktivitetar kan innførast i skulen gjennom kroppsøving, uteskule, SFO, trivselsleikar, den aktive skulesekken og samhandling med andre fag. Allsidig aktivitet gjev elevane betre motorikk, konsentrasjon, læring og sosialt fellesskap. Idretten og friluftsorganisasjonar kan vere viktige bidragsytarar i høve dette arbeidet.

Tilskot

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom er ei fylkeskommunal tilskotsordning der dette satsingsområde er ei av dei prioriterte gruppene.

Nasjonalt senter

Høgskolen i Bergen er vertskap for Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Senteret skal støtte opp om det arbeidet som blir gjort i barnehagar og skular, og bidra til at barn og unge blir meir fysisk aktiveog får eit sunt kosthald.

Tilrettelegging

God symjeopplæring er avgjerande for at alle kan ta del i eit trygt friluftsliv i og ved vatn. Den aktive kvardagen for barn og unge blir også stimulert gjennom trygge gang- og sykkelvegar til barnehage, skule og fritidsaktivitetar. Det er eit nasjonalt mål om at 80 prosent av barn og unge skal gå eller sykle til skulen. Fram mot arrangementet er det eit mål om å auke bruk av sykkel til rekreasjon, trening og transport. Ei eiga fylkeskommunal tilskotsordning er oppretta for å auke bruk av sykkel blant born og ungdom i fleire kommunar.

Samhandling

For å lukkast med å auke kvardags og fritidsaktivitetar er det naudsynt med samarbeid mellom kommunar, fylke, stat, helseføretak, høgskule, universitet, private og frivillige aktørar. Regionale og kommunale planar bør sikre areal, infrastruktur og anlegg som gjer det lettare å vere i fysisk aktivitet.