Fysisk aktivitet

Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025

Mål: 1. Fleire barn og ungdom skal vere i minimum 60 minutt dagleg fysisk aktivitet. 2. Fleire vaksne skal vere i fysisk aktivitet minimum 150 minutt per veke med moderat intensitet eller 75 minutt med høg intensitet.

Sjå planen

Hordaland fylkeskommune jobbar for å legge eit godt grunnlag for god helse for innbyggjarane i fylket.  Fysisk aktivitet er avgjerande for godt funksjonsnivå og god livskvalitet. Den største utfordringa, og som gjev størst helsegevinst, er å få dei inaktive aktive.

Det er viktig at det er enkelt å vere aktiv. Lav terskel er med på å redusere helseskilnaden mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn. For å lukkast med å auke kvardags- og fritidsaktivitetar er det naudsynt med samarbeid mellom kommunar, fylke, stat, helseføretak, høgskule, universitet, private og frivillige aktørar.

Tenester

Aktuelle saker handsamast i utval for kultur, idrett og regional utvikling

Sjå heile oversikta

Gode eksempel

«Alle Barn Sykler»

«Alle Barn Sykler» er eit opplæringsprogram for 5. trinn. I løpet av september månad 2015 fekk dei på Tjeldstø skule opplæring i teori og praksis fire gonger. Siste gong med avsluttande prøve.

Programmet er som følgje av tildeling av Sykkel-VM i 2017 til Bergen. Verdsmeisterskapet skal gje sykkelglede for alle – det skal vere eit arrangement for folkehelse, byutvikling og miljø. Tiltak retta mot barn og unge gjennom skular og idrettslag blir eit viktig satsingsområde i eit løp fram mot, under og etter Sykkel VM i 2017.

Camp Herdla på Askøy

Området ytterst på Askøy har fått mykje nytt liv dei seinare åra. Det er tilrettelagt for aktivitetar for alle tenkelege brukargrupper i alle årstider og innanfor mange ulike sjangrar. Mellom anna med hjelp frå tilskot frå Hordaland fylkeskommune.

Camp Herdla har blitt eit begrep, og er eit fellesnamn for aktivitetsleirar for ungdom, fleirkulturelle og personar innan psykiatrien i Hordaland. Leirane blir arrangerte gjennom heile året med mange gode og lokale samarbeidspartar.