Tilskot til statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde (Kap. 1420, post 30)

For å sikre område til friluftsliv skaffar det offentlege til veie areal ved erverv av eigedomsrett eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale).

Kven kan søkje

Kommunar og interkommunale friluftsråd. Lokale lag og organisasjonar kan ta initiativ overfor kommunar og friluftsråd om å fremje sikringssøknad.

Kva kan støttast

Ordninga rettar seg særleg mot areal som blir eller vil bli intensivt nytta, og som bør leggjast til rette for friluftslivsføremål. Søknader som er handsama og prioritert i ein kommunal prosess etter plan- og bygningslova vil bli prioriterte. Dette aukar sjansane for at ulike interesser er ivaretekne, at sikring av friluftslivsområde skjer som ledd i ein plan for utvikling av friluftslivtilbodet i kommunen og at ein regional eller nasjonal samanheng er vurdert. 

For friluftsområde av nasjonal og regional verdi kan staten medverke med inntil 100% av kostnadane. For område av viktig lokal verdi kan staten medverke med inntil 50% av kostnadane. Ordninga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak frå dette er bygningar som anten skal rivast eller som kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.

Føremål med ordninga

Det viktigaste føremålet med ordninga er at friluftslivet skal styrkast som ein helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg fritidsaktivitet. Sikring av område for friluftsliv i nærområde er eit viktig verkemiddel for å nå grupper som er lite aktive.

Ordninga er ikkje ein tilskotspost, men inngår i rundskrivet slik at kommunar og friluftsråd blir gjort kjend med den. Statlege midlar vil særleg bli prioriterte ved sikring av areal i nærleiken av bustadområde som kan nåast utan bruk av bil eller båt. Område som kan brukast av store folkegrupper, som til dømes allment tilgjengeleg grønstruktur i og ved byar og tettstader, og  landfaste område i kystsona og sentrale område ved innlandsvassdrag har også høg prioritet.

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Hordaland fylkeskommune vurderer og prioriterer søknadene før dei vert sendt til Miljødirektoratet for endeleg avgjerd. Søkjarar vert informert om utfallet av søknaden innan 1. juli. Det er ingen klagerett på tildelingar.