Tilskot til friluftsaktivitet (Kap. 1420, post 78)

Tilskotsordninga skal medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret og interkommunale friluftsråd som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv.

Kven kan søkje

Frivillige lag og organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret og interkommunale friluftsråd.

Kva kan støttast

Det blir primært gitt tilskot til friluftstiltak som stimulerer til direkte friluftsaktivitet, som til dømes organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og anna opplæring i friluftslivsaktivitetar. Deler av tilskotet kan nyttast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell som medverkar til å fremje friluftslivsaktivitetane.

Følgjande blir prioritert:

  • Aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.
  • Tiltak som blir gjennomført i nærmiljøet, med særleg vekt på byar og tettstader.
  • Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid.
  • Tiltak retta mot personar som er lite fysisk aktive.
  • Tiltak retta mot barn, unge og barnefamiliar.
  • Tiltak retta mot personar med nedsett funksjonsevne.

Tiltak som har fått tilskot i tre år eller meir vil ikkje bli prioritert.

Gode prosjekt vert støtta med tilskot frå kr 10.000,- til kr 100.000,-. Fylkeskommunalt tilskot kan ikkje vere høgare enn 50 % av dei totale ressursane for prosjektet. Dugnad kan reknast som eigenfinansiering (inntil kr 300,- pr/time).

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Rett utfylling av Miljødirektoratet sitt søknadsskjema oppfyller krava til innhald i søknaden. Godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar. Hordaland fylkeskommune handsamar innkomne søknader.

Det er krav om 50% eigendel.

Om tiltaket har vore støtta ved tidlegare tildelingar, skal dette informerast om i søknaden.

Søknader frå frivillige organisasjonar på kommune- og fylkesnivå skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket søknaden gjeld. Om eit tiltak planleggjast gjennomført i fleire fylker, skal søknad adresserast til kvar av dei aktuelle fylkeskommunane med opplysningar om planlagt aktivitet og behov for midlar i det aktuelle fylket. Om tiltaket har personar frå heile landet som målgruppe, eller det er vanskeleg å knytte tiltaket til eit eller eit fåtal fylke, skal søknaden adresserast til Miljødirektoratet. Merkast med saksnummer 2016/18.

Søkjarar vert informert om utfallet av søknaden innan 1. mai.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Rapport om tiltaket skal sendast Hordaland fylkeskommune innan 15. januar året etter tildelinga.