Tilskot til kartlegging og verdsetting av friluftsområde i kommunane

Målet er at alle kommunar skal ha kartlagt og versatt sine viktigaste friluftslivsområder innan 2018. Då vert denne kartlegginga ei føresetnad for å kunne søke om statlege midlar til sikring av friluftsområder.

Kven kan søkje

Kommunar og friluftsråd

Kva kan støttast

Prosjekt knytt til kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder som følgjer Miljødirektoratet si rettleiar M98-2013. I 2008 vart regionale friluftsområder kartlagt. Stønad frå denne tilskotsordninga skal støtte kartlegging og verdsetting av lokale friluftsområder i den enkelte kommune.

Det er krav om at søkjer lagar eit interaktivt kart over friluftsområda og publiserer det på www.Naturbase.no

For 2015 har Miljødirektoratet avsett kr 5 mill. til denne ordninga. For å dekke opp kravet om 50% eigenandel har Hordaland fylkeskommune avsett kr 428.000 til kartlegging og verdisetting av friluftsområder i 2015.

Meir informasjon finn du på naturbase.no og i miljødirektoratets rettleiar.

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Det vart stilt krav om 50% eigne ressursar frå fylke og kommunar.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Sluttrapport skal sendas når prosjektet er fullført. 

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.