Friluftsliv

Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025

Mål: 1. Fleire skal delta i friluftsliv på jamn og varig basis, med særleg fokus på barn og ungdom. 2. Sikre og legge til rette fleire og betre anlegg for friluftsliv. Alle tettstader og byar skal ha maksimalt 500 meter til næraste turløype.

Sjå planen

Friluftsliv er ei viktig kjelde til glede, allsidige naturopplevingar, rekreasjon og mestring. Fysisk aktivitet i friluft kan alle drive med eit minimum av tilrettelegging og personleg utstyr, og det kan tilpassast dei aller fleste ferdigheitsnivå. Omgrepet friluftsliv vert nytta i ein vid samanheng, med stort mangfald av aktivitetar i eit breitt spekter av område. Tilrettelegging for aktivitetsskapande byrom, parkar og grøntområde, er eit nytt fokusområde for at fleire skal kunne delta i friluftslivet.

Tenester

Aktuelle saker handsamast i utval for kultur, idrett og regional utvikling

Sjå heile oversikta

Døme på friluftstiltak

Turskiltprosjektet

Turskiltprosjektet "det skal merkes i hele landet" er eit nasjonalt skilt- og merkeprosjekt der Gjensidigestiftelsen og fylkeskommunane gir økonomisk støtte til merking og skilting av turløyper i tråd med Merkehandboka.

Styringsgruppa for Turskiltprosjektet består av representanter fra Gjensidigestiftelsen, fylkeskommunane og representantar frå friluftslivet.