Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Tilskotsordning for bygging og rehabilitering av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet.

Kven kan søkje

Søknadsberettiga er i hovudsak kommunar, idrettslag, enkelte friluftslivsorganisasjonar og velforeiningar. Andre søkjarar kan og bli godtatt etter godkjenning av laget sine vedtekter.

Kva kan støttast

Det kan søkjas om midlar til bygging og rehabilitering av ulike typar anlegg for organisert idrett, enkelte friluftslivsanlegg og anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet (nærmiljøanlegg)

Føremål med ordninga

Spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg skal medverke til ein infrastruktur som gjev folk høve til å drive både eigenorganisert aktivitet og aktivitet i regi av den frivillige medlemsbaserte idretten.

Spelemidlar til anlegg utgjer i Hordaland ca 90-100 millionar pr år. Desse midlane kommer frå Norsk Tipping sitt overskot og blir fordelt til fylka frå Kulturdepartement på bakgrunn av fastlagte kriteria.

Dei viktigaste målgruppene for bruk av spelemidlar til idrettsføremål er born (6–12 år) og ungdom (13–19 år).

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søknad må minimum innehalde:

  • Idrettsfunksjonell førehandsgodkjende planar. Planar og tegninger for anlegget skal vere godkjend av kommune før byggestart.
  • Detaljert kostnadsoverslag med dokumentasjon
  • Finansieringsplan med dokumentasjon
  • Plan for drift og vedlikehald
  • Dokumentasjon på rett til bruk av grunn

Meir utfyllande informasjon om søknadskrav finst  i regjeringas «Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet»

Har du søkt før og skal fornye eller gjenta søknaden finst det eit eige skjema for dette.

Søknadsprosess

September/oktober – frist for å sende inn søknad til kommunen der anlegget er. Kommunen setter ein eigen frist på innlevering. Ta kontakt med eigen kommune for informasjon

15. november – frist for å søkje idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning til Kulturdepartementet. Alle anlegg skal ha ei idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning. For dei fleste anlegg blir dette gjort hos kommunen, men symjeanlegg, kunstisanlegg og nasjonalanlegg treng førehandsgodkjenning av Kulturdepartementet

15. januar – frist for kommunane til å sende over søknadar om spelemidlar til fylkeskommune. Innan denne frist skal kommunen har føretatt ein nøye gjennomgang av søknadane. Søknadane skal også føljast av ein politisk vedtatt prioriteringsliste. Denne lista er grunnlag for Hordaland fylkeskommune sin tildeling av spelemidlar

15. mars – frist for fylkeskommune for å sende over søknadar om spelemidlar til Kulturdepartementet. Fylkeskommunen har da føretatt ein grundig vurdering av søknadane og avgjord om søknadane kan bli godkjend

Mai – tildeling av spelemidlar frå Kulturdepartementet til fylkeskommunane.

Juni/juli – brev om tilsagn eller avslag sendas søkjarane

Profilbilde av Bjørg Larsen
Bjørg Larsen
55239165
Profilbilde av Tore Andersen
Tore Andersen
98255249