Investeringstilskot til idrettsanlegg med regional og nasjonal verdi

Hordaland fylkeskommune sitt investeringstilskot skal medverke til at regionen får store idrettsanlegg som har regional og nasjonal verdi, der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap.

Kven kan søkje

Kommunar og andre anleggseigarar.

Kva kan støttast

Kostnadskrevjande idrettsanlegg der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap. Søknad føreset tildeling av nasjonalt eller internasjonalt seniormeisterskap.

Hordaland fylkeskommune føreset tidleg dialog om utvikling av prosjektet. Anlegget det blir søkt om støtte til, skal vere forankra i ein kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Investeringstilskot blir berre løyvd til faste bygg/anlegg.

Storleiken på tilskotet blir vurdert i høve til godkjent finansieringsplan. Tilskot frå det fylkeskommunale investeringstilskotet blirt vurdert i lag med anna fylkeskommunal støtte. Hordaland idrettskrets blir nytta som høyringsorgan i høve til tildelinga.

Det er sett av kr 2.500.000 i Hordaland fylkeskommune sin økonomiplan.

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Før tilsegn om fylkeskommunalt tilskot blir gjeve, er det ein føresetnad at det ligg føre ein godkjend spelemiddelsøknad. Søknad om investeringstilskot skal sendast via kommunen, og innehalde skildring av anlegget med finansieringsplan og kostnadsoverslag. Anlegget skal vere forankra i kommunal delplan og evt. regional plan. Søknaden skal og innehalde ei vurdering av anlegget sin nasjonale verdi, med uttale frå respektivt særforbund. Om det vert søkt om investeringstilskot til eit anlegg med regional verdi som finst frå før i Hordaland, er det opp til søkjar å skildre kva som skil anlegget i høve til det/dei som eksisterer.   

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Fristen blir rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ein klage må innehalde opplysingar om kva vedtak det blirt klaga på, årsaka til at det blir klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Profilbilde av Bjørg Larsen
Bjørg Larsen
55239165