Anlegg

Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025

Mål: 1. Anlegg for fysisk aktivitet og friluftsliv skal vere tilgjengelege for folk i deira nærmiljø. 2. Anlegg for idrett bør vere knytt til skular og idrettsparkar. 3. Utvikle anlegg som tilfredsstiller særidrettslege toppidrettsbehov der det kan arrangerast nasjonale og internasjonale meisterskap.

Sjå planen

Utvikling av anlegg er det viktigaste verkemiddelet for å nå visjonen «aktiv kvar dag» for folk i Hordaland. Barn og ungdom er prioriterte målgrupper. For barn er det viktig med anlegg i lokalmiljøet som stimulerer og tilfredsstiller behova deira for fysisk aktivitet i organiserte og eigenorganiserte former. For ungdom treng ein anlegg som gjev utfordringar og variasjon, og som legg til rette for nyare og meir eigenorganiserte aktivitetar.

Gjennom ei heilskapleg anleggsutvikling kan ein innby til aktivitetar med låg terskel, allsidig friluftsliv, nye idrettar og tradisjonell konkurranseidrett og toppidrett. Det er dei lokale behova som i utgangspunktet avgjer kva for anlegg som skal byggast. Kommunar, i samhandling med idrettsråd, friluftsråd og turlag, må prioritere anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv ut i frå målet om at ein skal vere akive kvar dag. Prioriteringane skal forankrast i kommunale planar, som gjev fylkeskommunen og Kulturdepartementet eit reelt oversyn over anleggsbehova.

For at barn og ungdom skal kunne vere aktive, bør det vere gratis bruk av fylkeskommunale idrettsanlegg og gymsalar på kveldstid og i helger. Kunnskap og kompetanse er viktig for å kunne planlegge, bygge og drifte anlegg tilpassa trendar og behova til innbyggarane. Gjennom konferansar, samlingar og synfaringar blir det delt erfaringar og skapt nettverk, som gjev eit godt grunnlag for vidare samhandling mellom offentleg, frivillig og privat sektor, for å legge til rette for ein aktiv kvardag i Hordaland.

Tenester

Aktuelle saker handsamast i utval for kultur, idrett og regional utvikling

Sjå heile oversikta

Døme på anlegg som har fått tilskot

Solhovden

Stiftinga Solhovden var opprinneleg eit trivselstiltak for bebuarane på Vestlandsheimen, tidligare sentralinstitusjon for psykisk utviklingshemma i Hordaland. Dei har som mål å eige, drive og vidareutvikle feriestaden Solhovden for psykisk utviklingshemma i Hordaland.

Stiftinga blir leia av eit styre samansett av tre representantar for organisasjonane til dei utviklingshemma, ein representant for Hordaland fylkeskommune, og ein frå Bergen kommune.

I tillegg blir staden nytta til arrangement for enkelte andre særskilte grupper innanfor psykiatri.

Drifta av Stiftinga Solhovden blir finansiert av årlege tilskot frå Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune i tillegg til leigeinntekter frå brukarane. I tråd med formålet, vil styret vidareutvikle området slik at det betre kan møte behova til brukarane. 

Straume idrettspark

Anleggsparken med Sotra Arena, Straume stadion, Sotrabanen, Sartorbanen, fotballhall, sandhandballbaner, sandvolleybaner og turvegar er eigd av Sotra Sportsklubb og Fjell Kommune, og er eit av dei største idrettsanlegg på vestlandet.

Fotball er den største idretten, og disponerer tre baner utandørs og ei bane under tak. I Sotra Arena er det eit mangfald av idrettar; handball, turn, badminton, volleyball, karate, dans m.m. Straume Idrettspark er også nytta til store arrangement som messer og konsertar.

Heile anlegget har mottatt spelemidlar via Hordaland fylkeskommune og er ein flott eksponent for heilskapleg anleggsutvikling.