Verktøy for folkehelseoversikt i kommunane

For å bistå kommunane med å lage folkehelseoversikt, har Hordaland fylkeskommune utarbeida eit verktøy for arbeidet.

Fylkeskommunen skal understøtte lokalt folkehelsearbeid i kommunane. Det kan vere krevande å sikre ein god prosess og å velge ut relevant statistikk. For å bistå kommunane med dette lovpålagte arbeidet, har Hordaland fylkeskommune utarbeida eit verktøy for arbeidet (sjå lenger ned på sida).

Informasjon om folkehelse skal ligge til grunn for arbeid knytta til plan- og bygningsloven, og være eit grunnlag for planstrategi.

Fylkesmannen publiserer alle ferdige kommunale og fylkeskommunale helseoversikter på sine nettsider, og fører tilsyn med kommunalt og regionalt folkehelsearbeid.

Ferdige folkehelseoversikter i Hordaland

Slik får du eit godt oversiktsdokument

Kommunen skal skaffe nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan verke inn på denne. Vurder all informasjon, og ver særskilt merksam på trekk ved utviklinga som kan skape, eller halde ved like sosiale eller helsemessige problem. Sikre at planlegging og tiltak er kunnskapsbasert.  Følg utviklinga over tid og vurder effekten av tiltak som blir sett i verk. Kjernespørsmål i desse vurderingane er:

  • Kvifor har situasjonen oppstått og kor viktig er den for helsa til befolkninga?
  • Kva kan vere konsekvensane av å ikkje gjere noko?
  • Er det særskilte samfunnstrekk som har skapt situasjonen?
  • Kan utviklinga føre til sosiale helseforskjellar?

Ta stilling til kva kommunen har behov for å vite noko om. Hald fokus på kva som trengst av informasjon, framfor kva du har av informasjon.

Som kjelder til arbeidet kan du bruke statistikk,  og lokale erfaringar. Klare data skal ha større vekt enn skjønsmessige vurderingar. Fagpersonar og institusjonar  i kommunen kan og vere gode kjelder til arbeidet. 

Verkty for oversiktsarbeidet

Målet med dette verktyet er å hjelpe brukaren til ikkje å gå seg vill i statistikken. Med klart definerte spørsmål som utgangspunkt, blir det lettare å velge ut den informasjonen som trengst. Det aller meste av informasjonen er samla i statistikk.ivest, som er delt inn i seks kapittel A-F. Vi har og tatt med ei lita samling av anna tilgjengeleg informasjon. Dette er statistikk som kan nyttast der det er behov for å grave djupare, men som vi ikkje i utgangspunktet har tatt med som del av folkehelsestatistikken. 

Gå til statistikk.i.vest

A - Befolkningssammensetning

Kven er innbyggjarane våre?

Kven er dei, kvar kjem dei frå, kor gamle er dei og kva utdanning har dei? Dette er viktig bakgrunnsinformasjon som kan påverke strategiske vegvalg i kommunen.

Statistikkressurser som kan vere til nytte:

statistikk.ivest

Statistikk frå NAV

Kommunehelsa statistikkbank frå folkehelseinstistuttet

Diverse helseststistikk frå Folkehelseinstituttet

B - Oppvekst og levekårsforhold

 Korleis er det å gå i barnehage og på skule i kommunen?

Grunnlaget for framtidig helse blir lagt i dei tidlegaste åra av livet. Å tilby barnehagar og skular med god kvalitet er kanskje det aller viktigaste og beste folkehelsetiltaket.

Statistikkressursar som kan vere til nytte:

Lokale kjelder som kan vere nyttige:

  • Leiing og tilsette i barnehage og skule
  • Elevråd og ungdomsråd
  • Helsesøster, PPT og barnevern
  • Foreldrearbeidsutval og samarbeidsutval
  • Kommuneoverlege (Miljøretta helsevern)
  • Frivillige organisasjonar (til døme leksehjelp, psykisk helsehjelp)
  • Fritidsklubb og idrettslag

 

Korleis er det å arbeide her?

Arbeidsplassen kan vere ein arena for personleg utvikling og sosialt fellesskap. Men arbeidsplassen kan og vere ein arena for slitasje, risiko for ulukker og stress.

Statistikkressursar som kan vere til nytte:

Lokale kjelder som kan vere til nytte:

  • NAV
  • Tillitsvalde/ Verneombod
  • Lokalt næringsliv
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

 

Korleis er bustadhøva i kommunen?

Inneklima, utemiljø og storleik, og sosiale faktorar som eige- og leigeforhold, levekår, bustadstandard, plassering og nabolagsprofil, kan ha innverknad på helse.

Statistikkressursar:

Lokale kjelder som kan vere til nytte:

  • NAV
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 
  • Eldreråd
  • Leigetakarorganisasjon
  • Planleggjar
  • Kommuneoverlege (miljøretta helsevern)

 

Korleis er dei økonomiske forholda og i kva grad er det skilnader?

Det relative inntektsnivået i samfunnet har effekt på helsa, og kan verke inn på opplevinga av eigenverd, helseåtferd, vonde kjensler, stress og konflikt. 

Statistikkressursar:

Lokal kunnskap:

  • NAV
  • Helsestasjon
  • Ungdomsråd
  • Eldreråd

C - Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø

Korleis er det fysiske miljøet og i kva grad er det gjort trygt og tilgjengeleg for befolkninga?

Fysisk miljø handlar om utemiljøet i form av trafikk/ forureining, tilgang på grøntområde osb. Men det handlar også om det fysiske innemiljøet. Universell utforming er og del av det fysiske miljøet. 

Statistikkressurser:

Lokale kjelder:

  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Elevråd og ungdomsråd
  • Foreldrearbeidsutval og samarbeidsutval
  • Kulturavdeling
  • Lokale organisasjonar
  • Politi
  • Vegvesenet
  • Kommuneoverlege (miljøretta helsevern)
  • Teknisk avdeling/planleggjar
  • Kommunal GIS-ansvarleg

Kva sider ved det kjemiske og biologiske miljøet vi bør vere særskilt merksame på?

Vern mot smittsame sjukdommar er eit viktig folkehelsetiltak. Oversikta bør samordnast med smittevernlova §§ 7-1 og 7-2

Statistikkressurser:

Lokale kjelder:

  • Kommuneoverlege
  • Verneombod
  • Helsesøster

Kva sider ved det sosiale miljøet vi bør vere særskilt merksame på?

Det sosiale miljøet kan vere all sosial aktivitet som går føre seg og er tilgjengeleg for innbyggjarane i kommunen. Det sosiale miljøet handlar og om kva for arenaer som er tilgjengelege, til dømes uformelle møteplassar eller universelt utforma område. 

Statsitikkressurser:

Lokale kjelder:

  • Elevråd og ungdomsråd
  • Foreldrearbeidsutval og samarbeidsutval
  • Helsestasjon
  • Eldreråd
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Invandrarråd
  • Frivillige organisasjonar
  • Politi
  • NAV
  • Kulturavdelinga
  • Burettslag

Er dei sosiale møteplassane og arenaene gode nok og mange nok?

Det sosiale miljøet er den sosiale aktiviteten som går føre seg og er tilgjengeleg for innbyggjarane.  Men det handlar og om uformelle møteplassar, eller universelt utforma område. 

Statistikkressursar:

Lokale kjelder:

  • Elevråd og Ungdomsråd
  • Frivilligsentral
  • Foreldrearbeidsutval/samarbeidsutval
  • Helsestasjon
  • Eldreråd
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Invandrarråd
  • Frivillige organisasjonar
  • NAV
  • Kulturavdelinga

D - Skader og ulukker

Kva for type skader og ulukker blir innbyggjarane våre utsette for? Kvar og korleis skjer ulukkene? Kven blir råka?

Oversikt over kva typer ulukker, kvar dei skjer og kva tid dei skjer, kan gi auka merksemd om førebygging og meir treffsikre tiltak. 

Statistikkressursar:

Lokale ressursar:

  • Helse- og omsorgssektoren                     
  • Sjukehus og legevakt
  • Politi
  • Tannlegar
  • Brannvesen
  • Teknisk etat
  • Trygg trafikk
  • Bedriftslegar
  • NAV

E - Helserelatert åtferd

Korleis lever folk liva sine?

Det er eit mål å redusere sosiale skilnader i kosthald, fysisk aktivitet, røyking, alkohol og andre rusmiddel.

Statistikkressurser:

Lokale lenker:

  • Barnehage, skule, SFO
  • Helsetenestene; rus, psykiatri og andre
  • Helsestasjon
  • Elevråd og ungdomsråd
  • Råd for menneske med nedsett funsjonsevne
  • Eldreråd
  • Innvandrarråd
  • Kulturavdelinga
  • Lokale organisasjonar; frivillige og andre
  • Tannklinikken
  • Næringsavdelinga

Kva gjer kommunen for å legge til rette for sunne levevanar?

Helseatferda heng tett saman med sosiale forhold og strukturelle faktorar. Kommunen sitt arbeid for å styrke befolkninga sine rammevilkår er derfor viktig for å forstå befolkninga sine helseval.

Statistikkressursar:

statistikk.ivest

Transportøkonomisk institutt

Statistisk sentralbyrå

Lokale ressursar:

  • Leiing og tilsette i barnehage, skule og SFO - også for vidaregåande
  • Elevråd og ungdomsråd
  • Foreldrearbeidsutval og samarbeidsutval
  • Eldreråd
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Helse- og omsorgssektoren
  • Representantar for pårørande
  • Kulturavdelinga
  • Planleggjarar
  • Politi

F - Helsetilstand

Korleis er helsa til befolkninga?

Levealderen i Noreg har auka for alle, men befolkningsgruppene som har lang utdanning og høg inntekt har hatt den beste utviklinga. Sosiale skilnader i helse løper stort sett gjennom heile det sosiale hierarkiet med gradvis aukande skilnader. Det betyr at slike skilnader også finst mellom sosiale grupper som har relativt lang utdanning og høg inntekt. 

Statistikkressursar:

Lokale lenkjer:

  • Helse- og omsorgssektoren
  • Helsesøster
  • NAV
  • Leiing og tilsette i barnehage, skule og SFO - også for vidaregåande
  • Tannklinikken
  • Kriseteam
rådgjevar
Profilbilde av Aina Haugstad
Aina Haugstad
97700413