Tilskot til folkehelsearbeid i kommunane

Tilskotsordninga skal stimulere til utvikling av folkehelsearbeidet i kommunane i Hordaland. Midlane skal bidra til å setje i verk eit systematisk folkehelsearbeid i kommunane, på tvers av ulike sektorar.

Kven kan søkje?

Kommunar i Hordaland.

Krav til søknaden

Søknaden skal innehalde namn på prosjektet, og ei kort skildring med forventa effekt av prosjektet. Søknaden skal også innehalde ein framdrift- og finansieringsplan, og ei kort statusoppdatering om kva som er oppnådd innan folkehelsearbeidet i kommunen det siste året.

Vilkår for tildeling

Midlane skal nyttast til å understøtte mål og strategiar knytt til det heilskaplege folkehelsearbeidet i tråd med Regional plan for folkehelse 2014-2025. Som hovudregel skal ikkje midlane nyttast til ordinær drift, utstyr, anlegg eller enkeltarrangement. Midlar kan nyttast til folkehelsekoordinator/annan stilling som arbeider med folkehelse.

Støttenivå

  • Kommunar med over 10 000 innbyggjarar: Inntil 150 000 kroner.
  • Kommunar med mellom 5000 og 10 000 innbyggjarar: Inntil 100 000 kroner.
  • Kommunar med under 5000 innbyggjarar: Inntil 75 000 kroner.
Profilbilde av Else-Marie Brobakke Aarø
Else-Marie Brobakke Aarø
92479790