Fylkeskommunen gir bort datamaskinar

Hordaland fylkeskommune gir bort PC-ar til organisasjonar eller stiftingar som kan ha nytte av dei.  Kravet er at utstyret skal brukast utanfor Norge. Send søknad med beskriving av kva utstyret er tenkt brukt til.

Fylkeskommunen har utrangert IT-utstyr. Dette er PC-ar som er fullt brukbart, men som ikkje støttar krava som stillast til IT-utstyr i fylkeskommunen.

Fylkesutvalet har vedteke at det etablerst ei årleg søknadsordning. Organisasjonar og stiftingar kan søke gjennom ordninga. Utstyret må gå til eit formål utanfor Norge. I denne søknadsrunden er det omlag 20 PC-ar som skal delast ut.  

Søknaden må komme frå ein organisasjon eller ei stifting. Beskriv kva formålet er og kor PC-ane skal nyttast. Fylkesutvalet skal behandle søknadane i sitt møte i mai.

Profilbilde av Svein Dyrrdal
Svein Dyrrdal
94500093