Kopi av fagbrev

Fagbrev og svennebrev utdelt som dokumentasjon på en bestått fag-/svenneprøve. Fagbrev og svennebrev er likeverdig sluttdokumentasjon. Innan tradisjonelle handverksfag har ein halde på namnet svennebrev, medan i nyare lærefag nyttar ein nemninga fagbrev.

Frå Hordaland fylkesarkiv kan du få attestert kopi av protokoll / prøveprotokoll / kompetansebevis / melding om bestått prøve.
Kontakt fylkesarkivet: fylkesarkivet@hfk.no, tlf. 55 23 99 50.

NB: Om du skal ha nytt, originalt (stort, A3) fagbrev, må du vende deg til fagopplaering@hfk.no
tlf. (ekspedisjon): 55 23 99 00.
Dette fagbrevet (til å ha på veggen) kostar 350 kroner.

Lommefagbrev

Alle som har tatt fag- og sveinebrev kan få det i lommeformat. «Lommefagbrevet» er godkjent av Kunnskapsdepartementet. For å få «lommefagbrev» må du sende skjema med vedlegg til den godkjente leverandøren – sjå ferdigutfylt adresse i skjemaet.

Bestillingsskjema for «lommefagbrev»

Fylkesarkivet har m.a. følgjande fagprøveprotokollar:

  • Bergen 1963-2014
  • Norheimsund 1981-2013
  • Stord 1981-2008
  • Fana lærlingnemnd 1965-71
  • Kvam lærlingnemnd 1969-80
  • Laksevåg lærlingnemnd 1958-71
  • Odda lærlingnemnd 1979-80

Her er også protokollar frå enkelte andre skular for åra 1981-89:

  • Arna yrkesskule 1982/83-88
  • Austrheim vgs. 1981-88
  • Bergen maritime 1987-88
  • Bergen yrkesskule 1981-88
  • Nordhordland yrkesskule 1981-88
  • Os yrkesskule 1983-88
  • Stord 1981
  • Voss yrkesskule 1981-88
  • Åsane yrkesskule 1984
  • Heismontør / el. montør: Div. 1981-89

 

Profilbilde av Kontakt fylkesarkivet
Kontakt fylkesarkivet
55 23 99 50