arkiv og dokumentasjon

Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025

Det å kunne meistre eigen kvardag gjennom å ha tilgang til kunnskap og dokumentasjon om eiga historie, har vist seg å vere ein grunnleggande demokratisk verdi for både enkeltindivid og grupper i samfunnet.

Sjå planen

Fylkesarkivet sine viktigaste oppgåver er å ta vare på og gjere tilgjengeleg arkivmateriale frå sentraladministrasjon og institusjonar i Hordaland fylkeskommune, samt privatarkiv (bedrifter, lag/organisasjonar og privatpersonar).

Vi har materiale som dokumenterer ulike rettar for enkeltpersonar. I tillegg har vi mykje interessante kjelder med tanke på lokalhistorisk gransking, organisasjonshistorie, politisk historie mm, og kan bidra med råd og rettleiing innan arkiv, foto og lokalhistorie.

Våre tenester

Kontaktinformasjon og meir om fylkesarkivet si organisering og oppgåver.

Meir om Hordaland fylkesarkiv

Arkivet etter Høvig selvbyggerorganisasjon

I haust fekk fylkesarkivet inn arkivet etter «Høvig selvbyggerorganisasjon». Organisasjonen vart leia av Otto Høvig og har resultert i nærare 1000 einebustadar og rekkehus. Sjølvbyggerfelta er viktige biter i vårt lands nyare historie. Tusenvis av arbeidstimar med ulike former for eigeninnsats sikra eigenkapital for vanlege lønsmottakarar. Dette føregjekk gjennom 70-og 80-åra. Borhamrane rista vondt i armane på kontorarbeidarar. Gravemaskinar rydda grøfter så brannmenn, nordsjøarbeidarar, fotografar, typografar og andre kunne legge ned vatn- og kloakkrør. Arkivet inneheld m.a. dokumentasjon om over 40 ulike sjølvbyggerlag og prosjekt i Bergensregionen. Arkivkatalog er publisert i arkivportalen. Historikk om Otto Høvig og «Høvig selvbyggerorganisasjon» finn du her, og på memoar.no finn du intervju med to sentrale deltakarar i utbygginga på Thorsenfeltet på Askøy.

Tilbakeblikk på Bømlo

Då Bømlo Tur- og Sogelag fekk tilgang til ei stor samling lysbilete frå 1960- og 70-talet frå Søre Bømlo, såg dei straks at desse bileta burde heile bygda få sjå. Då fekk dei ideen til bokprosjektet "Tilbakeblikk".

I tillegg til foto skal boka også inneholde minnestoff av forskjellig slag. Dei vil skriva litt om kvar gard, men dei vil også prøva å ta tak i noko det som har skjedd av små og store hendingar. T.d. kan dette vera då det var populert med amerikanske bilar i bygda, om eit lite pop-band som eksisterte her, om det å reisa til byen, om den første russebilen i bygda, om innvandring til bygda etc. Bømlo Tur- og Sogelag har fått støtte av Hordaland fylkeskommune til arbeidet med boka.