Sommarskulen 2017

Sommarskulen er eit gratis tilbod i yrkesretta og studieretta matematikk til elevar og lærlingar i offentleg vidaregåande opplæring. Vi tilbyr òg kurs i norsk og engelsk for minoritetsspråklege elevar nokre stader.

Kven kan melde seg på

Tilbodet om sommarskule gjeld berre for elevar i offentleg vidaregåande opplæring i Hordaland, og til lærlingar/søkjarar til læreplass som treng matematikken frå Vg1.

Kva fag kan eg få undervisning i

I år tilbyr vi opplæring i: 

  • Studieretta matematikk utan eksamen i Bergen, Knarvik og på Askøy. 
  • Yrkesretta matematikk i Bergen med eller utan eksamen, i Knarvik, Askøy og Stord. 
  • Norskkurs utan eksamen for elevar med eit anna morsmål i Bergen.
  • Engelskkurs utan eksamen for elevar med eit anna morsmål på Stord.
  • Studieretta og yrkesfagleg matematikk på fengselsundervisninga i Bergen.

Korleis melder eg meg på

Følg lenka på høgre side og finn studiestaden du vil søkje på.

Gratis

Tilbodet om sommarskule er gratis. Du får frukost og lunsj kvar dag.

Samarbeidspartere

Sommarskulen er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Røde Kors.

Lærarar vil vere ansvarlege for undervisninga, med støtte frå frivillige frå Røde Kors.

Ta kontakt for meir informasjon
Profilbilde av Petter de Presno Borthen
Petter de Presno Borthen
55239248