Mobbeombod

Mari-Kristine Morberg er mobbeombod for lærlingar og elevar i vidaregåande opplæring i Hordaland. Ho er tilsett for å passe på at du har eit godt psykososialt miljø på skulen eller i lærebedrifta.

Kva gjer mobbeombodet?

  • Snakkar med dei som treng råd eller støtte
  • Rettleiar om korleis du skal gå fram om du opplever krenkingar eller mobbing på skulen din
  • Arrangerer kurs for elevrådsstyre og elevråd
  • Kursar og rettleiar leiing og tilsette i skulen
  • Samarbeider med andre organisasjonar, som til dømes Elevorganisasjonen, Ungdommens Fylkesutval, skulehelsetenesta og så bortetter
Kva gjer eg viss eg ikkje har det bra på skulen

Ta kontakt

Om du har spørsmål om dine rettar eller om du treng råd og støtte kan du ta kontakt med Mari-Kristine. Du kan og ta kontakt om du ikkje veit korleis du skal gå fram for å få den hjelpa du har krav på dersom du blir krenka eller mobba på skulen eller i lære.

Mari-Kristine har teieplikt og saker vil ikkje bli tatt vidare utan ditt samtykke.

Du kan ta kontakte på telefon, på e-post (mobbeombod@hfk.no) eller på Facebook. 

Kontakt mobbeombodet
Profilbilde av Mari-Kristine Morberg
Mari-Kristine Morberg
57 30 03 33

 NB. Ikkje send e-post som inneheld personsensitive og opplysningar som er teiepliktige.

Følg meg gjerne på Facebook. Her blir det lagt ut tips, råd, nyhende og anna relevant informasjon.