Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Russerebus

Russekullet for 2017 er invitert til årets russerebus! Rebusen finn stad ved Statens vegvesen sin trafikkstasjon i Åsane fredag 28. april.

Påmeldingsfristen er satt til 1. april. Det er viktig at alle bilar er på plass ved trafikkstasjonen seinast kl. 14.30. Postane blir stengt kl. 18.30 og premieutdelinga begynner kl.19.00.
Deltaking er gratis og russen kan stille både med russebilar, russebussar og sivile bilar. Det vil bli delt ut heile 19 pengepremiar til dei som får flest poeng, er med i «edru bilar» og til nokre heldige som blir trekt ut.
Russerebusen tar for seg mange tema, særleg knytt til det å vere trygg på seg sjølv og samtidig ein sikker trafikant! Vi håpar mange russ frå heile fylket ønskjer å vere med oss i Bergen denne dagen!
Vel møtt til russerebus fredag 28. april.
Ta gjerne kontakt med Knut Olav Nestås i Trygg Trafikk for meir informasjon. Han kan nåast pr. tlf. 41206132 eller e-post: nestas@tryggtrafikk.no