Undervisningsstilling naturfag, geografi, kroppsøving - Bergen Katedralskole

Bergen Katedralskole er ein studiespesialiserande skule i Bergen sentrum, med fagtilbod knytta til programområda realfag og språk/samfunnsfag/økonomi. I tillegg har skulen eit tilbod for minoritetsspråklege elevar og IB-tilbod (International Baccalaureate). Skolen har også avdeling Kyrre som er lokalisert i Øvregaten, og som gir undervisning for elevar som treng ekstra god tilretteleggjing av opplæringa. I Kalfarveien ligg undervisningslokala for skolen sitt Vaksenopplæringssenter, avdeling VO. Her får vaksne opplæringstilbod på vidaregåande skolenivå, på dag- og kveldstid.Skolen har totalt om lag 1200 elevar og 120 tilsette.
Hovudskolen er lokalisert i Kong Oscarsgate/ Heggebakken. Skolen er under utbyggjing og rehabilitering, og vil frå hausten 2018 vera på plass i nyrenoverte lokale. Skolen er i vekst, og vil frå hausten 2018 få klassar frå Laksevåg vgs.

For skoleåret 2017/18 er det ledig slike fag og stillingsstorleikar: Naturfag ca 20%, Geografi ca 20% og Kroppsøving ca 30%.
Hordaland fylkeskommune prioriterer å ha tilsette i størst mogeleg stilling, og det vil difor vera ein fordel dersom same søkjar har undervisningskompetanse i fleire av faga.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisningsarbeid.

Personlege eigenskaper

  • Vi ønskjer lærarar som kan evne å skape gode relasjonar til elevane.
  • Den som blir tilsett må ha gode kunnskapar og interesse for bruk av IKT i opplæringa.
  • Gode samarbeidsevner og motivasjon for å arbeide med elever med ulike utfordringar.
  • Vi ønskjer nytenkjande, reflekterte og kreative arbeidstakarar.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd ved tilsetjinga.

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse for vidaregåande opplæring i dei ulike faga.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Bergen Katedralskole er ein flott arbeidsplass, har dyktige kolleger og elevar som arbeider målretta.
  • Bruk elektronisk søknadsskjema
  • Det er ønskjeleg å vite noko om motivasjonen din for søknaden
  • Ta med annan realkompetanse og ev interessefelta dine
  • Gje opp to, helst tre referansar: Ein overordna, ein sideordna, og ein eventuell underordna

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Ina Charlotte Misje
Ina Charlotte Misje
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Rita Ellinor Andenes
Rita Ellinor Andenes
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Bente Færøvik
Bente Færøvik