Avdelingsleiar studiespesialiserande avdeling - Bergen Katedralskole

Bergen Katedralskole er ein studiespesialiserande skule i Bergen sentrum, med fagtilbod knytta til programområda realfag og språk/samfunnsfag/økonomi. I tillegg har skulen eit tilbod for minoritetsspråklege elevar og IB-tilbod (International Baccalaureate). Skolen har også avdeling Kyrre som er lokalisert i Øvregaten, og som gir undervisning for elevar som treng ekstra god tilretteleggjing av opplæringa. I Kalfarveien ligg undervisningslokala for skolen sitt Vaksenopplæringssenter, avdeling VO. Her får vaksne opplæringstilbod på vidaregåande skolenivå, på dag- og kveldstid.Skolen har totalt om lag 1200 elevar og 120 tilsette.
Hovudskolen er lokalisert i Kong Oscarsgate/ Heggebakken. Skolen er under utbyggjing og rehabilitering, og vil frå hausten 2018 vera på plass i nyrenoverte lokale. Skolen er i vekst, og vil frå hausten 2018 få klassar frå Laksevåg vgs.
For å imøtekoma veksten opprettar skolen ny avdelingsleiarstilling frå 01.08.2017.

Frå 01.08.2017 er det såleis ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar ved studiespesialiserande avdeling.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing og utvikling av avdelinga i nært samarbeid med andre avdelingsleiarar
  • Avdelingsleiar er med i skolen si leiargruppe, og må såleis ha interesse for og kompetanse til å arbeide på eit overordna plan med utvikling av Bergen Katedralskole
  • Pedagogisk- personal- og økonomiansvar
  • Fagansvar for aktuelle fag
  • Bruk og implementering av digital læringsteknologi
  • Deltaking innkjøp av utstyr og læremidlar
  • Det ligg 20-30% undervisning til stillinga

Personlege eigenskaper

  • Vi ser etter ein leiar med stor arbeidskapasitet, evne til å sjå gode løysingar, ein medskapar, og eit menneske med sjølvinnsikt og empati.
  • Søkjaren må kunne arbeide både sjølvstendig og i samarbeidsteam.
  • Kompetanse til å drive prosessar og få medarbeidarar engasjerte i desse.

Kvalifikasjonar

  • Til både leiar- og undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova. Det er i tillegg ønskjeleg med relevant leiarutdanning som t.d. rektorskule eller tilsvarande.
  • Søkjar må ha undervisningskompetanse for studiespesialiserande avdeling.
  • God kjennskap til offentleg lov- og avtaleverk.
  • God kompetanse innan IKT.
  • Det er ein fordel med praksis frå tilsvarande leiarstilling, gjerne innan fylkeskommunalt område.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Bergen Katedralskole er ein flott arbeidsplass, har dyktige kolleger og elevar som arbeider målretta.
  • Bruk elektronisk søknadsskjema.
  • Det er ønskjeleg å vite noko om motivasjonen din for søknaden.
  • Ta med annan realkompetanse og ev interessefelta dine.
  • Gje opp to, helst tre referansar: Ein overordna, ein sideordna, og ein eventuell underordna

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Lise Holsen
Lise Holsen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Rita Ellinor Andenes
Rita Ellinor Andenes