Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

praktisk informasjon

Kvifor velje Manger ?

Manger folkehøgskule er for deg som vil utvikle talentet ditt i eit kreativt miljø. Du møter erfarne og dedikerte lærarar som dekker eit breitt fagområde.

  • Skulen har moderne utstyr og fasilitetar
  • Du er tett på Bergen sitt kulturliv
  • Studietur er inkludert i prisen
  • Liten skule - tett miljø
  • Eit år med opplevingar, progresjon og læring
Her finn du oss

Søk Manger folkehøgskule!

Opptaket skjer på bakgrunn av søknaden din og det du skriv om motivasjon, interesse og forventningar. Gje utfyllande opplysningar om bakgrunnen din og om kvifor du søkjer folkehøgskule generelt og den aktuelle faglinja spesielt.

  • Opptaket startar 1. februar.
  •  Aldersgrensa er 18 år. Det kan gjerast unntak i spesielle høve.
  • Søknaden må vera fullstendig. Fyll ut alle felt.
  • For fleire detaljar; sjå "Opptakskriterium" under.
Send søknad!

Aktuelt

Gary Curtin gjestar MF

Gary Curtin gjestar MF

Den irske euphonisten Gary Curtin gjestar Manger folkehøgskule 21. og 22.februar. Han skal undervise einetimar, fellestimar, ha meisterklasse, og ikkje minst spele konsert. Huskonserten onsdag 22.februar er open for alle og finn stad i storsalen kl.14.45. Ta gjerne turen med buss 320 frå Bergen!

Lemaitre og Atomic på timeplanen

Lemaitre og Atomic på timeplanen

Fredag kveld flytta linjene band, vokal og musikkproduksjon skuledagen sin til USF Verftet i Bergen og konsertar med Lemaitre og Atomic. Byen mellom dei sju fjell ligg mindre enn ein times biltur frå Manger folkehøgskule og gjer at me kan velje og vrake i eit rikt kulturtilbod.

Sjå fleire saker