Å formidle ved å fortelje

Kurs i litteraturformidling ved Sylvelin Vatle


Grand Hotel Terminus, Bergen. Måndag 28.mars kl 10-15
Stord hotell, Leirvik. Tysdag 29.mars kl 10-15
Det same kursopplegget blir halde begge stadar

Pris: gratis

Elektronisk bindande påmelding innan fredag 11. mars 2011 

Påmelding til kurset på Grand Hotel Terminus, Bergen

Påmelding til kurset på Stord hotell, Leirvik 

Opplegg for kurset:

Mål: Gje deltakarane ein formidlingsmetode som skaper nysgjerrigheit, leselyst og når fram til ungdom og vaksne.

Kursdagen vil veksle mellom konkrete døme og praktiske, enkle og leikne øvingar utan fallhøgd.

Rolla: Kvifor formidlar eg bøker? Eg skal ikkje vera kritikar, oppdragar eller pedagog. Eg skal ikkje stå mellom boka og lesaren, men fungere som bru mellom boka og lesaren.

Metoden:
Korleis formidlar eg bøker?
Gjennom forteljarkunst, der deltakarane lærer å:
* Finne ei forteljing og formidle ho ved å: dramatisere, fantasere, spele roller og så vidare.
* Leggje ut trådar i forteljinga
* Slutte forteljnga effektfullt
* Bryte ned barrierar mellom bok og potensiell lesar (smarte triks!)
* Heve statusen til boka og lesaren.

Førebuing:
Deltakarane bør lese boka “Et hull i sjelen” av Kjetil Johnsen før kurset.
 
Boka kjem ut på nytt seinare i vår, i ein serie kalla ”4 venninner” (tidlegare har ho kome ut i serien ”3 venner”), og boka kan lesast på nettsida til Kjetil Johnsen http://kjetiljohns1.blogspot.com/2010/08/ny-4-venninner-i-salg.html
Teksten kan også lastast ned og eventuelt skrivast ut. 
 
Til gruppearbeid er det i tillegg fint om deltakarane les ei av følgande bøker:  “Darlah” (Johan Harstad), “I morgen da krigen kom” (John Marsden) eller “Den usynlige” (Mats Wahl). Dei som allereie har lese ei eller fleire av desse bøkene, treng ikkje å lese på nytt.
Sylvelin Vatle skriv: - Desse bøkene står på lista over bøker eg sjølv har formidla til ungdomsskule-elevar. Årsaka til at kursdeltakarane (overflatisk) bør kjenne innhaldet, er at eg vil bruke “Et hull i sjelen” som eksempel på måten eg formidlar på. Vidare er det ein fordel at eg kjenner innhaldet i bøker kursdeltakarane vel å jobbe med i gruppearbeid.

Etter kurset mottek deltakarane illustrasjonane saman med enkle stikkord.

Kursdagen:

09.30-10.00 Registrering med kaffi/te
10.00-10.55 Introduksjon og innleiing til kurs
10.55-11.15 Pause med frukt
11.15-12.00 Formidlingskurs
12.00-12.45 Lunsj
12.45-13.40 Formidlingskurs
13.40-14.00 Pause med kaffi/te og kake
14.00-15.00 Formidlingskurs

Om kurshaldar Sylvelin Vatle:  Ho er forfattar av barne-, ungdoms- og vaksenbøker. Nettside: http://www.sylvelinvatle.com/
Sylvelin har vore på fleire turnear med Den kulturelle skolesekken og bøkene om Tim Brentloffs eventyr. Ho har også formidla eit variert utval bøker til ungdom. Der gjorde ho den erfaringa at mange av elevane i utgangspunktet var skeptiske til lesing, men stemninga snudde. Dei vart svært nysgjerrige, bøkene ”fauk ut” og vart lesne.

 

Har du spørsmål?
Kontakt: Helge Skurtveit, tlf 55239372, helge.skurtveit@post.hfk.no

Bilete av Sylvelin Vatle. Fotograf Tove Elin Berg.
Fotograf: Tove Elin Berg

Arrangørar: Hordaland fylkesbibliotek i samarbeid med fylkesbiblioteka i Rogaland og Møre og Romsdal.
Honoraret til Sylvelin Vatle blir dekt av Nasjonalbiblioteket, som ein del av satsinga på kompetanseutvikling i folkebiblioteka.
14.01.2011 13:16
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart