Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

praktisk informasjon

Ønskjer du meir praktisk utdanning?

Som ein av to skular i Hordaland, vil KVV tilby ei ordning med praksisbrev frå hausten av.

Praksisbrev er eit særleg tilrettelagt toårig opplæringsløp. Opplæringa er i utgangspunktet open for alle, men er særleg retta mot dei som etter avslutta grunnskule ønskjer ei meir praktisk opplæring enn fullt fagbrev, i løpet av fire år.

Etter fullført praksisbrev skal eleven kunne fortsetje opplæringa og oppnå full kompetanse innan faget i løpet av ordinær opplæringstid i vidaregåande opplæring.

Skulen vil invitera aktuelle elevar og føresette til samtale om ordninga i løpet av våren. Dei mest aktuelle yrkesfagretningane ordninga vil gjelda hjå oss, er Service og samferdsel, Bygg- og anleggsfag og Restaurant- og matfag.

Treng du meir informasjon? Kontakt ein av rådgjevarane våre. Kontaktinfo til dei finn du her.

Søknadsfristar til høgskuleutdanning

Søknad: Det er to søknadsfristar, (1. mars) og 15. april.

1. mars var søknadsfristen for deg som skulle søkja Politihøgskulen, eller luftfartsfag ved UiT Norges arktiske universitet. Same søknadsfrist om ein søkte opptak etter særskilt vurdering, om du har utanlandsk vidaregåande utdanning (ikkje Norden) og om du søkjer med realkompetanse. For alle andre søkjarar er søknadsfristen 15. april.

Du finn nærare informasjon og søknadsskjema på sidene til www.samordnaopptak.no

Aktuelt

Kortfilmprosjekt 2016

Kortfilmprosjekt 2016

Ved Kvv har vi sidan 2010 hatt ei kreativ avslutting av skuleåret der elevane får i oppdrag å lage ein kortfilm på inntil 5 minutt. Prosjektet går ut på å laga ein kortfilm saman med andre elevar ( i klassen eller på tvers av klassar).

Eksamen 31. mai 2016

Eksamen 31. mai 2016

Tysdag 31. mai var da 90 elevar oppe til eksamen. Eksamen vart gjennoført i Husneshallen.

Sjå fleire saker