Stor nasjonal konferanse i Bergen om integrering

For å heve kompetansen til tilsette i førstelinjetenesta, skipar Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) til ein stor nasjonal konferanse i Bergen 18. og 19. november om integrering. Hordaland fylkeskommune blir breidt representert på konferansen. P

Logo konferanse

Påmelding til konferansen "I samme båt – Tilrettelegging for integrering” torsdag 18. og fredag 19. november 2010

Det er god påmelding til konferansen, rundt 200 personar til no, men det er framleis plass til fleire. Påmeldingsfristen er difor utsett til 1. november.

I same båt
Konferansen har fått tittel ”I samme båt – Tilrettelegging for integrering”. Offentlege tenester som er tilpassa mangfaldet i folket er viktig for å sikre at alle utan omsyn til bakgrunn og føresetnader får like vilkår i samfunnet.

Styrke tverrfagleg kompetanse
Sentrale grep for å tilpasse ei teneste til mangfaldet kan vere å styrke den tverrkulturelle kompetansen til tilsette, tilpasse informasjon om tenesta til alle innbyggjarar og legge til rettes for dialog med minoritetsgrupper.

To hovudfokus
Konferansen får to hovudfokus: Tilrettelegging av dei offentlege tenestene for eit mangfaldig samfunn, og brukardialog og samfunnsdeltaking.

Arrangør
Konferansen blir arrangert av IMDi i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland, Nav, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune.

Tidleg ute
Satsinga til Hordaland fylkeskommune på tverrkulturell kompetanse får ein sentral plass på konferansen.
– Vår fylkeskommune var tidleg ute og tok utfordringar som mangfaldssamfunnet skapar mellom anna med kompetanseheving og tilrettelagte tenester for nye brukargrupper, seier prosjektleiar i Hordaland fylkeskommune, Liv Tvilde Laading.

Over 50 kurs med Hordalandsmodellen
I 1998 vedtok fylkestinget i Hordaland handlingsplanen for det fleirkulturelle Hordaland som mellom anna resulterte i Hordalandsmodellen med kurs for tverrkulturell kompetanse og oppretting av Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmakter i Hordaland.
– I år kan vi feire 10 årsjubileum for Hordalandsmodellen. Vi har skipa til over 50 kurs over heile landet, og handboka er etterspurt både i Noreg, Danmark og Sverige. Den er brukt som mal for kompetansebygging internt for kommunar og fylkeskommunar. Vi har arrangert åtte årlege regionkonferansar, Vestlandet - eit fleirkulturelt samfunn og fire konferansar i lag med IMDi-regionane. Vi har vore på konferanse i Finland i regi av dei europeiske regionane AER. I lag med Universitetet i Bergen har vi laga eit nytt fag: Noreg som innvandringsland, fortel Tvilde Laading.

Breidt representert
På konferansen i november er Hordaland fylkeskommune breidt representert. Fylkespolitikar Joril Christensen som er leiar av KIS vil snakke om tiltak og erfaringar med KIS sitt arbeid med ”Demokrati og deltaking”. Personaldirektør Geir Davidsen vil ta opp personalpolitikk i eit fleirkulturelt perspektiv.  Han såg behovet for å kurse dei tilsette, tok utfordringa og leia styringsgruppa som utvikla Hordalandsmodellen. Liv Tvilde Laading som prosjektansvarleg skal følgje opp med tilnæringsmåte for oppbygging av tverrkulturell kompetanse hos eigne tilsette. Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune vil presentere gode tiltak som er i satsinga mot fråfall i vidaregåande skule. Tannhelse presenterer eit spennande pilotprosjektet om tilrettelegging av tenester for asylsøkjarar og framandspråklege i kommunane.

Heimesida til IMDi

Konferansen ”I samme båt – Tilrettelegging for integrering” torsdag 18. og fredag 19. november 2010

Program for konferansen "I samme båt – Tilrettelegging for integrering” torsdag 18. og fredag 19. november 2010

Påmelding til konferansen "I samme båt – Tilrettelegging for integrering” torsdag 18. og fredag 19. november 2010

Meir om Hordalandsmodellen og Hordaland fylkeskommune si satsing på tverrkulturell kompetanse

Bjarte Brask Eriksen 07.10.2010 11:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart