Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

praktisk informasjon

Startsamtalar VG1 elevar:

Elevane som skal byrja på VG1 får invitasjon til startsamtale med kontaktlærar onsdag 17.eller torsdag 18.august.

Kontaktlærar ønskjer å bli kjent med deg som er ny elev, og inviterer derfor til ein samtale med deg i løpet av dei første skuledagane. Føresette blir også inviterte til dette møtet med skulen. Det er fordi me frå fyrste skuledag ønskjer å skapa eit godt samarbeid med heimen.

Print gjerne ut skjemaet og fyll ut på førehand. Tenk i alle fall gjennom det som står her.

Startsamtale

Skulestart hausten 2016

Oppstart for dei ulike klassetrinn vert slik:

  • VG1: Elevane får invitasjon til startsamtale med kontaktlærar onsdag 17.eller torsdag 18.august (ordinær start fredag 19.08)
  • VG2 (yrkesfag&stfo): Skulestart torsdag 18.august kl. 09.00
  • VG3 (stfo): Skulestart torsdag 18.august kl. 09.00
  • TAF2 + TAF3: arbeid veke 33, skulestart mandag 22.08 kl 09.00
  • TAF4: skulestart torsdag 18.august kl.09.00

Vel møtt i august!

Skulerute 2016/2017 se link

Skulerute Fråværsgrensa i korte trekk

Aktuelt

Raidos Kryptys

Raidos Kryptys

Raidos Kryptys i Litauen og Fusa vgs har etablert eit partnarskap for å samarbeida om alternative metodar i arbeid med lærevanskar og førebygging av åtferdsvanskar og rusmiddelbruk. Raidos Kryptys ønskjer innspel frå Norge og vår skule om m.a. pedagogisk bruk av kunst.

Fusa vgs har utvikla FYR-årshjul

Fusa vgs har utvikla FYR-årshjul

FYR står for Fellesfag - Yrkesretting - Relevans. Alison Rød er Hordaland sin engelsk FYR-koordinator 2015 – 2017 og er ein pådrivar for å lage gode planar for eigen skule samt nasjonale organisasjoner. På FYR-samlinga i Trondheim tidlegare i vår presenterte ho eit årshjul som er utvikla ved skulen og er nå i bruk i fleire vgs skuler i Norge.

Sjå fleire artiklar