Søkjefeltet
Du kan søkje etter kva du vil: heile eller delar av namn, avdeling, seksjon og telefonnr.
Du kan skrive store eller små bokstavar i søkjefeltet.
Døme: Finn avdeling eller seksjon/eining: Søkjeord: namnet/del av namnet på avdelinga eller seksjonen.
Mrk: Når du søkjer etter økonomi, får du også med alle dei som har økonomi anten i seksjonsnamnet eller i leiartittelen.
Døme: Finn ekspedisjonane på alle avdelingane: Søkjeord: ekspedisjon (eller evt. eksp).
Alle sidene og dei oppsøkte sidene har eiga URL-adresse.
Sortert etter alfabetet - den blå alfabet-lina
Telefonlista opnar seg alltid på A. Ved å trykkje på t.d. P, kjem du til ei side for alle med etternamn som startar på P.
Sorter kolonnene - lina med etternamn, fornamn osb.
Du kan sortere kvar kolonne alfabetisk ”framlengs” eller ”baklengs” uansett kva for søk du har gjort.
Døme: Stå på B. Trykk to gonger på Etternamn for å sortere kolonna i omvendt rekkjefølgje.
Døme: Søk opp kultur- og idrettsavdelinga (søkjeord: kultur). Sorter seksjonane ved å trykkje på Seksjon/eining. Dersom du trykkjer ein gong til på Seksjon/eining, sorterer kolonna seg andre vegen.
Kontakt
Informasjonsseksjonen, tlf. 55 23 99 40