Rettleiing / retningsliner

Retningsliner for Stønad til ålmenne kulturføremål og Stønad til tiltak for born og unge(aktivitetsstønad)

Løyvingane skal stø opp under visjonen for Hordaland fylkeskommune sin kulturpolitikk i tråd med gjeldande Fylkesplan, og såleis m.a. vere med på å sikre innbyggjarar rundt om i fylket eit mangfaldig og godt kulturtilbod.
Hordaland fylkeskommune har eit regionalt kulturansvar, så reint lokale kulturtiltak må finansierast av vedkomande kommune e.l.

  1. Løyvingane skal gå til tiltak/prosjekt som er av ein slik art at det har regional interesse og/eller nedslagsfelt. Dette kan t.d. vere pilotprosjekt som vil ha overføringsverdi til andre.
  2. Stønaden skal gå til prosjekt og aktivitetar. Det vert normalt ikkje gjeve stønad til drift. Sjølv om enkelte søkjarar om stønad til faste årlege arrangement (festivalar, oppsettingar o.l) har fått stønad gjennom fleire år, eller at det har vore praksis å støtte liknande/tilsvarande prosjekt med ein viss sum, vil alle søknadar verte fritt vurdert i kvart enkelt tilfelle opp i mot samla tilskotssum og dei andre søknadene som ligg føre.
  3. Desse midlane skal vere med å løyse ut aktivitet. Hordaland fylkeskommune ser det som ein føremon at prosjekta dei løyver til gjennom denne ordninga også er delfinansiert av andre, t.d. kommunar.
  4. Det vert ikkje gjeve tilskot til følgjande:

a) ordinær drift

b) investeringar i bygg og anlegg

c) utanlandsreiser
Unntak kan vere deltaking i internasjonale tevlingar, m.m. etter kvalifisering eller samarbeidsprosjekt knytt til våre samarbeidsregionar.

d) CD-produksjonar og skjønnlitteratur
Unntak kan vere når målet er dokumentasjon med kulturhistorisk verdi.

e) tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale institusjonar - t.d. vidaregåande skular

f) humanitære tiltak i regi av interessepolitiske organisasjonar utan kulturfagleg innhald/kulturelt føremål

g) barne- og ungdomsorganisasjonar som får driftstilskot frå HFK (via HBUR).
Unntak kan vera fellestiltak mellom fleire organisasjonar eller tiltak som er "opne" og rettar seg mot andre eller fleire enn dei som soknar til organisasjonen. Søknader frå organisasjonar må fremjast gjennom fylkeslekken så framt ein slik finst.


  5.  Krav til mottakarar:

a) Det er ein føresetnad for stønad at melding og rekneskap for tiltaket vert sendt Hordaland fylkeskommune i ettertid. Slik rapportering vil vere eit element i vurderinga av eventuelle framtidige søknader om stønad.

b) I samband med informasjon om tiltaket skal det opplysast at tiltaket er støtta av Hordaland fylkeskommune.

c) Tilskotsmottakarar med billettsal må akseptere følgjekort for funksjonshemma.

d) Tilskotsmottakar bør delta i ordninga med kulturkort for ungdom.

Vurdering av søknader:

Det vert lagt vekt på desse momenta (i uprioritert rekkefølgje):

  • I kva grad tiltaket bidreg til ei utvikling av kulturlivet i fylket
  • I kva grad tiltaket har verdi for kulturlivet i større delar av fylket
  • I kva grad er tiltaket nyskapande og kan ha verdi som pilotprosjekt
  • Om tiltaket kan kopla saman aktørar og stimulere til samarbeid på tvers
  • Dokumentarisk verdi
  • Kvalitativt nivå på prosjekt og søknad
  • Gjennomføringsevne og realisme i prosjektet
  • Fordeling av midlane i høve geografi og sjanger

Vedtaket kan påklagast til fylkeskommunen jf. Fvl § 28. Klagefristen er 3 veker frå mottakinga av brevet.

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart