Program Neptunseminaret

Bibliotekarforbundet Hordaland, Norsk Bibliotekforening Hordaland, Norsk Fagbibliotekforening Bergen og Hordaland fylkesbibliotek inviterer til årets Neptunseminar:

Menneske møter maskin – biblioteket sitt potensiale og utfordringar i ei digital tid 

Tidspunkt: Onsdag 21. januar 2009 kl 10.00-15.30
Stad: Neptun hotell, Bergen
Pris (inkl. varm lunsj): Personlege medlemmer i Bf, NBF eller NFF: kr 700,- Andre: kr 900,-

Hovudinnleiar Alexander Johannesen presenterer store spørsmål sett på kanten fordi det begynner å haste:
Kva skal biblioteka gjere når verda blir meir og meir digital? Kva for kunnskapar sit bibliotekarverda med som er av verdi for den digitale framtida? Kvifor finst det bibliotekfilosofi, men ikkje digital bibliotekfilosofi? Er det persontypar i bibliotekverda du ikkje finn i den digitale verda? Er biblioteka så rotfesta i fysiske bøker at digitale media blir nedprioriterte og overlatne til andre aktørar? Og kva då med bibliotekverda om få år, når det meste er digitalt? Treng vi å tenkje på museumsløyvingar  allereie no? Kva skal biblioteka gjere for å sleppe unna ein analog undergang? Kva for utsikter byr det digitale på for biblioteka? Og ikkje minst - kva er det biblioteka  kan gjere for å redde verda som ingen andre kan? 

Alexander Johannesen har jobba i IT-bransjen i nesten 20 år, sikta inn mot kunnskapsforvalting og computerassistert informasjonsbehandling, og han har spesialisert seg på emnekart, bibliotek, kunnskapsrepresentasjon og kulturforståing. Han har jobba i mange land, og med mykje rart, ikkje minst hos Nasjonalbiblioteket i Australia dei siste åra. Han har erklært at han vil redde bibliotekverda frå sin eigen analoge undergang, koste kva det koste vil. Og han kan ikkje leve utan ein god moccacino.

Anne Karine Sandberg presenterer mash-up prosjektet Pode
Prosjektet er resultatet av Anne-Lena Westrum sitt vinnarbidrag til Biblioteklaboratoriets mash-up konkurranse, som handlar om å kople bibliotekdata med data frå andre kjelder. Pode ser på korleis ein opnar katalogen for sluttbrukar før sjølve søket, og korleis ein kan gjere katalogen rikare ved å kople til andre innhaldskjelder, t.d. leksikonartiklar. Prosjektet skal utvikle ein infrastruktur og eit grensesnitt for å samankople katalogdata med data frå andre relevante informasjonskjelder. Piloten skal basere seg på (og bli til) open kjeldekode, og vil modulvis eller heilskapleg kunne bli ein del av ein framtidig bibliotekkatalog.

Anne Karine Sandberg er prosjektleiar for Pode og jobbar elles som spesialbibliotekar ved Deichmanske bibliotek. Ho har bakgrunn frå filmvitskap, og blei master i bibliotek- og informasjonsvitskap våren 2007. Sandberg jobba på Norsk Folkemuseum før Deichman.

Lesaren i ei elektronisk verd: korleis litteratur og lesarar blir endra på nett.
I dag les og skriv vi meir enn nokonsinne, men ikkje nødvendigvis i bøker. Faglitteraturen er blitt kollaborativ og online, og skjønnlitteratur finn vi ikkje lenger berre i papirform, men også på skjermen. I dette foredraget fortell Jill Walker Rettberg om korleis  litteraturen lever i nettverket; i bloggar, e-postar, SMSar, digital poesi, hypertekstforteljingar og wikiar. Ikkje berre vert  litteraturen endra, også lesaren blir endra. Stadig oftare blir lesaren også ein skribent som deltek i å skape tekstane som ho eller han les.
Lesaren redigerer Wikipedia, oppdaterar profil i Facebook, skriv i diskusjonsfora og begynner å blogge. Korleis skal så biblioteket stille seg til desse nye lesarane?

Jill Walker Rettberg er førsteamanuensis i humanistisk informatikk ved UiB.

Tilbake til påmeldingskjema

11.11.2008 15:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Telefonliste

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart