Politiske organ

Politisk styringsstruktur

Gjeldande politisk styringsstruktur i Hordaland fylkeskommune vart sett i verk
frå 15. oktober 2003 då fylkestingsperioden (2003-2007) tok til.

Målet er å ha ein styringsstruktur som er tilpassa fylkeskommunen sine oppgåver
og som legg til rette for heilskapleg politikkutforming og kontroll.

Styringsstrukturen skal vera effektiv og gjera fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver synlege gjennom utvalsstrukturen og fordelinga av oppgåvene.

Fylkestingsvalet 2011

Folkevalde organ og verv for perioden 2007-2011

Folkevalde organ og verv for perioden 2003-2007

Skissa nedanfor viser hovudtrekka i den politiske styringsstrukturen som gjeld for Hordaland fylkeskommune.  

Møteplan
Administrativ organisering

Medlemer i sentrale organ
Fylkestinget
Fylkesutvalet
Administrasjonsutvalet
Kultur- og ressursutvalet
Opplærings- og helseutvalet
Samferdselsutvalet
Kontrollutvalet
Klagenemnda

Andre utval/organ
Fylkeseldrerådet
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
Ungdommens fylkesting
Vestlandsrådet

 


 

Fylkestinget

57 medlemer

Fylkestinget er det øvste politiske organet i fylkeskommunen og har ansvar for alle fylkeskommunale oppgåver. Fylkestinget gjer vedtak på vegner av fylkeskommunen så langt anna ikkje følgjer av lov, forskrift eller delegasjonsvedtak.

I praksis ivaretek fylkestinget ansvaret sitt ved å delegera oppgåver til fylkesutvalet, dei faste utvala og til fylkesrådmannen. Fylkesrådmannen på si side vidaredelegerer mynde til andre i fylkesadministrasjonen og til institusjonar og skular.

Sentrale oppgåver for fylkestinget er:

  • Fylkesplanlegging
  • Planlegging av fylkeskommunen si eiga verksemd
  • Økonomiplan og årsbudsjett

I valperioden 2011 - 2015 er ni politiske parti representerte i fylkestinget:
Høyre 17 representantar, Det noske Arbeiderparti 16, Fremskrittspartiet 8, Kristeleg Folkeparti 5, Venstre 4, Senterpartiet 3, Sosialistisk Venstreparti 2 Raudt 2 og Miljøpartiet De Grønne 1.

Fylkestinget har 4-5 samlingar i året. Fylkesutvalet har eitt møte i månaden, og dei andre utvala om lag eitt møte i månaden.

Fylkesordførar 2011-2015 er Tom-Christer Nilsen.

Fylkesutvalet

15 medlemer

Fylkesutvalet har det daglege ansvaret for samordning av den fylkeskommunale verksemda.

Fylkesutvalet er fylkeskommunen sitt driftsutval, og tek endeleg avgjerd i driftssaker som ikkje er lagde til andre organ eller administrasjonen.

Ansvaret for samordning, planar, økonomi, næringssaker og overordna næringspolitikk ligg til fylkesutvalet som saman med representantar for arbeidstakarane også er administrasjonsutval.

Alle saker frå dei faste utvala som gjeld planar og økonomi skal handsamast av fylkesutvalet før endeleg avgjerd.

I samband med at fylkesutvalet også er administrasjonsutval er det inngått protokoll med arbeidstakarorganisasjonane. Av den går det fram at arbeidstakarane skal ha fire representantar i administrasjonsutvalet saman med fylkesutvalet sine 15 representantar.

Dei 15 medlemene i fylkesutvalet er valde mellom fylkestingsrepresentantane. Resten av fylkestingsrepresentantane er medlemer i eit av dei tre politiske utvala eller i kontrollutvalet.

Faste utval

Kultur- og ressursutvalet  13 medlemer
Opplærings- og helseutvalet 13 medlemer
Samferdselsutvalet 13 medlemer


Enkelte driftsoppgåver som før låg til fylkesutvalet, er overført til utvala. Utvala har mellom anna vedtaksrett i saker som gjeld fordeling av budsjetterte tilskots- og stønadsmidlar. Kultur- og ressursutvalet har vedtaksrett i ei rekkje plansaker.

Kontrollutvalet


Kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune har 5 medlemer. Av desse skal leiar, nestleiar og ein av styremedlemene veljast blant fylkestinget sine medlemer.

Kontrollutvalet skal føra tilsyn og kontroll med den fylkeskommunale forvaltinga på vegner av fylkestinget og sjå til at fylkeskommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. ”Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner” er ein viktig basis for kontrollutvalet si verksemd.

Meir om kontrollutvalet | Sekretariatet for kontrollutvalet 

Klagenemnda


Klagenemnda er klageinstans for enkeltvedtak fatta av fylkeskommunalt organ. Dette gjeld likevel ikkje vedtak som er fatta av fylkestinget. Nemnda har 5 medlemer.


Meir informasjon

Om utval, møteoversikt, saksoversikt, meldingar og medlemer: http://polsak.ivest.no/    

Kontakt

Informasjonsseksjonen, tlf. 55 23 99 40

20.10.2011 09:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart