Profilbilde

Politikk og forvaltingsorgan i Hordaland

Fylkeskommunen

Fylkeskommunen tek seg av oppgåver som er for store til at alle kommunar kan klara dei åleine, eller saker som går på tvers av kommunane.

Fylkeskommunen er ingen "overkommune", men har sjølvstendige oppgåver, som bygging og drift av vidaregåande skular, regional utvikling og planlegging, kultur og kulturminnevern, vegar og kollektivtrafikk, næringsutvikling og tannhelseteneste.

Øvste styringsorgan i fylkeskommunen er fylkestinget. Det er fylkestingsval kvart fjerde år samstundes med kommunestyrevalet. Fylkesordføraren er den øvste politiske leiaren, medan fylkesrådmannen tek seg av den administrative leiinga.

Kommunane

Det er 33 kommunar i fylket, sjå 
Kommunar i Hordaland - kart med lenkje til kommunane sine nettsider.

Kvar kommune vert styrt av eit folkevald kommunestyre med ordføraren som den politisk valde leiaren.

Fylkesmannen i Hordaland

Staten er også representert i fylket. Fylkesmannen er kongen og regjeringa sin representant i fylket. Fylkesmannsembetet utfører ei rekkje forvaltingsoppgåver overfor kommunar og enkeltpersonar, og er klage- og tilsynsmynde.

Meir informasjon: I venstre- og høgremenyen, og under temaområde i menyen oppe. 

Lenkjene er sjekka 31.10.2011

31.10.2011 08:09
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart