Psykososialt arbeidsmiljø

Sida kontrollert juli 2011 / endra aug. 2011

Brosjyrer om psykososialt arbeidsmiljø - klikk her for meirNår vi snakkar om psykososialt arbeidsmiljø taler vi ofte om mange ting. Vi tenkjer på sosialt samspel, på kommunikasjon, på leiing, på organisatoriske og arbeidsmessige tilhøve og på kultur.

Som arbeidstakar er vi daglig med på å påverke det psykososiale arbeidsmiljøet – samstundes som vi og blir påverka av det.
Alt kva vi seier og gjør saman med andre på arbeidsplassen, blir inkludert i den store sekken av det som utgjer det psykososiale arbeidsmiljøet.

For å komme inn i ein god sirkel vil det enklaste og beste ofte vere å begynne med seg sjølv: - Kva gjer eg for å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø for meg sjølv og mine kollegar? Medverkar eg til at mine kollegar får ein betre dag med meg på jobb enn om eg ikkje var der?

Det er vanskeleg å lage ”oppskrifter” og standardiserte prosedyrar som sikrar eit godt psykososialt arbeidsmiljø. Det går diverre heller ikkje an å setje arbeidsmiljøarbeidet ut på anbod til ekspertar. Her er leiaren og den einskilde medarbeidar dei viktigaste brikkene. Rutinar, system og skjema er verktøy som kan gjere det enklare å jobbe systematisk. men vi kan aldri bytte det ut med det bidrag den einskilde av oss gjer – kvar dag.

 

Her kan du finne noen hjelpemiddelar:  

* På jakt etter våre ressursar

 

* Risikovurderingsskjema 


* Samtaleverktøy 


Miljøbarometer


Medarbeidarregnskap

  

HMT- rådgjevar / psykologspesialist Elisabeth Jebsen Marek 
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart