Forskriften om systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i virksomheter (internkontrollforskriften) og Arbeidsmiljølova, kap.3, pålegg verksemdene i HFK å kartlegge farar og problem. På denne bakgrunnen skal vi vurdere risiko samt utarbeide tilhøyrande planar og tiltak for å redusere risikotilhøva.

Risikovurderingsverktøyet "Eigenvurdering av arbeidsmiljøet, med handlingsplan" skal gjere det enklare for arbeidsplassane å identifisere moglege farer i arbeidsmiljøet.
Risikovurderingsverktøy: world-fil og PDF- fil
Etter å ha gått gjennom skjemaet "Risikovurdering" skal dei prioriterte risikoområda setjast inn i handlingsplanen. Risikoreduserande tiltak skal vurderast og førast inn. Om det er usemje om utforminga av tiltaka (eller bruk av skjema m.v.) finn du kan hende svar på dette under, eller kontakt oss på HMT-seksjonen.
På regelhjelp.no kan du og finne fram i regelverket innan følgjande område: Arbeidsmiljø, brann- og eksplosjonsvern, el-tryggleik, dyrevern, forurensing, industrivern, internkontroll, mattryggleik, plantehelse, produkter og forbrukertenester.

Film
HMT- seksjonen har i samarbeid med Synopsis film A/S laga ein film om risikovurdering. Filmen er meint som ein appetittvekkjar til risikovurderingsverktøyet og vil prøve å synleggjere kva eit uheldig arbeidsmiljø med omsyn til ergonomi og belastning kan føre til.
Klikk på bildet for avspillinga av film
Meir informasjon om:
Brannvern
Ergonomi
Inneklima
Kjemikalier
Maskiner og anna arbeidsutstyr
Medikamenthandtering
Psykosoialt arbeidsmiljø
Smittevern
Støy
Sida endra juli 2011, Lenkjer kontrollert juli 2011