Fylkesvåpenet

Fylkesvåpenet for Hordaland byggjer på det gamle seglet for Onarheimgildet på Tysnes, slik vi kjenner det frå eit kongehyllingsbrev i 1344.

Onarheimsseglet vart godkjend som fylkesvåpen i kongeleg resolusjon av 1. desember 1961 med definisjonen:

På raud botn to krosslagde gulløksar med gullkrone over.

Våpenet er teikna av
Magnus Hardeland

Idéen om eit fylkesvåpen for Hordaland vart kasta fram alt i 1918, men først i 1949 vedtok fylkestinget at Hordaland måtte få sitt eige merke. Det gjekk 12 år før fylkesmerket vart godkjend.

Ei eller to øksar var i mellomalderen nytta som kongeleg merke på mynt, og ved Riksarkivet var dei inne på tanken å reservera Onarheimsseglet til eit sekundært riksvåpen. Men det enda med at Hordaland fekk seglet som sitt kjennemerke.

Fylkesvåpenet er nytta som hovudmotiv i fylkesordførarkjeda.

Last ned fylkeskommen sin logo

19.10.2011 12:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart