Oppgåver

Hordaland fylkeskommune tek seg av oppgåver som er for store til at alle kommunar kan klare dei åleine, eller saker som går på tvers av kommunane.

Øvste styringsorgan i fylkeskommunen er fylkestinget.

Hordaland fylkeskommune er ein av fylkets største arbeidsgjevarar med 4 374 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på om lag 5 520 millionar kroner (2010). Investeringsbudsjettet er i 2010 på 2 744 mill.kr., slik at totalbudsjettet kjem opp i 8 264 mill.kr.

Om lag 45 % av budsjettet vert nytta til vidaregåande opplæring og om lag 3 500 av dei tilsette arbeider i opplæringssektoren. Nye veg- og ferjeoppgåver frå 2010 fører til stor auke i samferdselsbudsjettet, som no utgjer 34,4 % av driftsbudsjettet.

Fylkeskommunen sine inntekter kjem hovudsakleg frå lokale skattar og statlege rammeoverføringar, i 2009 fordelt på 41% og 30%. Dessutan frå øyremerkte overføringar frå staten pluss diverse inntekter. Rammene for fylkesøkonomien vert i stor grad fastsette sentralt av statlege styresmakter.

Gjennom Vestlandsrådet samarbeider Hordaland fylkeskommune med Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkes- kommunar om å fremje felles saker nasjonalt og om utviklinga av landsdelen.

Fylkeskommunen er det mellomste av dei tre forvaltningsnivåa i Noreg, og er styrt av fylkestinget. Dei to andre forvaltningsnivåa er kommune og stat.

Fylkeskommunen sine oppgåver


Kultur | Næringsutvikling | Opplæring | Samferdsel | Tannhelse | Regional utvikling | FylkesplanenTilskot og spelemidlar | Beredskap

Kultur

Fylkeskommunen har ansvar for utvikling innan område som kunst og kultur, kulturminnevern og museum, arkiv, idrett og friluftsliv, organisasjonsliv og bibliotek. Vi arbeider med forvaltning, utvikling, prosjekt og produksjon på kultur og idrettsområda. Vi tilbyr mellom anna kunstopplevingar til alle elevar i grunnskolen.

Hordaland skal ha eit rikt og mangfaldig kulturliv, forankra i regionale særtrekk og ope for nye impulsar. Alle skal kunna ta del i og oppleva tradisjonelle og nyskapande kulturaktivitetar ut frå eigne føresetnader.

Meir om kultur

Endringar frå 2010:
29.12.2009: Fylkeskommunen får nye viktige oppgåver i 2010 

Næringsutvikling

Hordaland fylkeskommune skal leggje til rette for ei god regional næringsutvikling, som sikrar sysselsetting og verdiskaping i alle delar av fylket. Det skjer m.a. gjennom tiltak for innovasjon og nyskaping, utvikling av samspelet mellom næringsliv og forsking, næringsliv og utdanning og tiltak for regionalt samarbeid om næringsutvikling og nyskaping. Oppgåver knytt til næring og næringsutvikling er lagt til næringsseksjonen.

Landbruk - ny oppgåve i 2010
Landbruk er ei oppgåve som vart lagt til fylkeskommunen i samband med forvaltningsreforma. Fylkeskommunen har ansvar for kompetanseheving og rekruttering til landbruket i Hordaland og uttalar i samband med politiske saker.

Entreprenørskap og nyskaping
For å fremje nyskaping og auka fokus på entreprenørskap er fylkeskommunen ansvarleg for felles satsing på nettstaden kom-an.no. Her finst oversyn over finansierings- og verkemiddelordningar for entreprenørar og gründerar i Hordaland. Les meir om kom-an.no. 

Meir om næring

Endringar i 2010:
29.12.2009: Fylkeskommunen får nye viktige oppgåver i 2010 

Opplæring

Vidaregåande opplæring er fylkeskommunen sitt største tenesteområde og omfattar all kompetansegjevande opplæring mellom grunnskolen og høgre utdanning.

Dette inkluderer i tillegg til dei vidaregåande skolane fagopplæring i bedrift, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT) i vidaregåande opplæring og vaksenopplæring i regi av den enkelte skole. Vi tilbyr også fagskoleutdanning. Fylkeskommunen følgjer opp ungdom mellom 16 og 19 år som ikkje er under opplæring eller i arbeid.

Fylkeskommunen har 46 vidaregåande skolar. Vi driv ein folkehøgskole og grunn- og vidaregåande undervisning for elevar i sosiale og medisinske institusjonar. Vi har teknisk fagskoleutdanning ved fem skolar og helsefagskoleutdanning ved to skolar. I Hordaland fylkeskommune er det omkring 18 000 ordinære elevar og ca 4 000 lærlingar.

Meir om vidaregåande opplæring

Samferdsel

Fylkeskommunen har ansvar for kollektivtransporten, transportordninga for funksjonshemma, gods- og drosjeløyva og skoleskyssen. Fylkeskommunen har også ansvaret for fylkesvegane og overordna transportplanlegging. 

Skyss er ein del av Hordaland fylkeskommune. Skyss har ansvaret for buss-, bane-, ferje, og snøggbåttrafikken i heile fylket. Skyss har ansvaret for ruteplanlegging, takstar og rabattar, sal og billettering, marknadsføring og informasjon i ruteområda.

Meir om samferdsel

Endringar i 2010
29.12.2009: Fylkeskommunen overtek riksvegar og ferjer
29.12.2009: Fylkeskommunen får nye viktige oppgåver i 2010 

Tannhelse

Den offentlege tannhelsetenesta gjev tilbod om behandling til barn og ungdom 0-18 år, psykisk utviklingshemma, eldre uføre og langtidssjuke i institusjon og heimesjukepleie, ungdom 19-20 år, personar med rusproblem og andre grupper som blir prioriterte av fylkeskommunen. Tannhelsetenesta tar også i mot vaksne betalande pasientar. Dei fem tannhelsedistrikta i Hordaland har 70 klinikkar.

Les meir om kven som får behandling | Meir om tannhelse

Regional utvikling

Klima- og naturressursar

Vassforvalting, akvakultur og marin forvalting, energi, klima og miljø (m.a. miljøsertifisering)

Utvikling

Regional planstrategi, folkehelse, regionale forskingsfond, VRI-programmet, Vestlandssamarbeidet, konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingstiltak

Planar

Overordna ansvar for regional planlegging, arealretta regionale planar, kommunale planar, regionalt planforum, plankompetanse for kommunane, tettstadutvikling

Analyse, utgreiing og dokumentasjon

Publisering av statistikk og geografisk informasjon, analysar m.m. 

Forvaltningsreforma: nye oppgåver til fylkeskommunen innan regional utvikling (pdf)

Meir om regional utvikling

Fylkesplanen

Fylkesplanen er eitt av dei viktigaste instrumenta for regional utvikling og samordnar planane til kommunane, staten og fylkeskommunen. Fylkesplanen, delplanar og sektorplanar dreg opp strategiar for å nå oppsette mål for utviklinga i fylket. Utarbeiding av planen blir gjort i nært samarbeid med fylkesmannen og andre statlege etatar, kommunane, regionråda, næringslivet og frivillige organisasjonar.

Meir om fylkesplanlegging 

Tilskot og spelemidlar

Fylkeskommunen tilbyr ei rekkje tilskotsordningar til mellom anna ålmenne kulturføremål, born og unge, kulturinstitusjonar, kulturminnevern og innvandrarorganisasjonar. Vi løyver spelemidlar til idretts- og nærmiljøanlegg og kulturhus.

Meir om tilskotsordningar

Beredskap

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å ivareta menneskelege verdiar, tenesteproduksjon, økonomiske verdiar og omdøme knytt til all verksemd i fylkeskommunen.

Meir om beredskap

Lenkje

Årsmeldingar for Hordaland fylkeskommune

Kontakt

Informasjonsseksjonen, tlf. 55 23 99 40

20.10.2010 12:35
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart