Samferdselsbudsjett på 2 322 mill. kr for 2012

Fylkesrådmannen sitt forslag er eit samferdselsbudsjettet for 2012 er på 2 322,9 mill. kr. Samanlikna med det reviderte budsjettet for 2011 er det ein reduksjon på 35 mill. kr.

396 mill. kr går til vedlikehald av fylkesvegane. 1 390 mill. kr er til bussruter inkludert skuleskyss, 84,7 mill. kr går til båtruter, 307,1 mill. kr til fylkesvegferjer, 99,1 mill. kr til Bybanen og 45,0 mill. kr gjeld transportordninga for funksjonshemma.

Bussanbod

Når anbodspakka for Sotra og Askøy vert sett i drift frå medio 2012 vil heile bussruteproduksjonen i fylket vera anbodsutsett. I 2012 vert og dei to siste ferjeanboda, Hardangerpakken og Klokkarvik-Hjellestad, sette i drift.

Forside budsjett 2012 og økonomiplan 2012-15 Hordaland fylkeskommune

Bruk Skysskortet

Fylkesrådmannen legg opp til å stimulera til auka kortbruk og til å redusera talet på enkeltbillettkjøp. Dette vert gjort ved å frysa prisen på alle typar kort frå 2011 til 2012.

Takstane for kjøp av enkeltbillett aukar frå kr 25 til kr 27 i minstetakstsona og tilsvarande for høgare takstsoner. Men passasjerane kan unngå dette takstpåslaget ved å nytta Skysskortet, då vert prisen pr reise kr 20,80 som i dag.

Gebyr

Fylkesrådmannen foreslår vidare at det frå 1. oktober 2012 vert innført ei ordning med tillegg på kr 10 ved kjøp av enkeltbillett på bussen i område med minstetakst (bergensområdet). Ombordtillegget er å sjå på som eit gebyr for å få til ei endring hjå dei reisande til meir kortbruk. Dette vil hjelpa godt på for å få til raskare bussframføring.

Båt og ferje

Takstane for reise med båtane aukar med 3 % for alle billettypar, unnateke UngdomsSkyss. Ferjetakstane skal følgja riksregulativet som først vert kjent i statsbudsjettet.

Mindre asfalt

Kostnadene med funksjonskontraktar for vedlikehaldet av fylkesvegane viser stor prisvekst, men budsjettet til drift og vedlikehald av vegane er ført vidare på årets nivå. Det vil mellom anna føra til færre kilometer med ny asfalt i 2012.

Meir om samferdselsbudsjettet, sjå samandrag av fylkesbudsjettet 2012, s. 28-30

Budsjettdokument samferdsel

Samla budsjettforslag Hordaland fylkeskommune 2012

Stanley Hauge 04.10.2011 15:20
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart