Over 2,6 milliardar kroner til vidaregåande opplæring

Hordaland fylkeskommune sitt 2012-budsjett for vidaregåande er ført opp med 2 618 mill. kr i fylkesrådmannen sitt forslag.

Budsjettramma for opplæringssektoren er redusert med om lag 11 mill. kr samanlikna ei vidareføring av det reviderte 2011-budsjettet.

Store skuleinvesteringar

Fylkeskommunen er inne i ein sterk investeringsperiode med nybygg for dei vidaregåande skulane. Undervisingslokala har fått standardheving mange stader og fleire prosjekt er under arbeid. Nybygg og rehabiliteringar gjev sterk vekst i kapitalutgiftene. Dette viser ikkje på opplæringsbudsjettet, men på budsjettet for renter og avdrag.

Forside budsjett 2012 og økonomiplan 2012-15 Hordaland fylkeskommune

Driftskostnader

Det er budsjettert med auke i dei faste driftskostnadene frå 2011 til 2012. Nybygg og auka leigeareal krev og budsjettmidlar. Fylkesrådmannen har lagt til grunn at noko av auken kan dekkast inn ved omdisponeringar innanfor driftskostnadene. Budsjettmodellen byggjer på rekneskapstal frå 2010 framrekna til 2012 og fangar slik ikkje opp endringar i perioden t.d. i straumprisane.

Nye lokale

Kostnadene til drift av skulelokale aukar i 2012 som følgje av at nye lokale vert tekne i bruk. Hausten 2011 vart nytt leigebygg for Fusa vidaregåande skule teke i bruk, noko som gjev 2,6 mill. kr i nye kostnader i 2012. Hausten 2012 vert det full drift ved Nordahl Grieg videregående skole i Bergen med elevar på alle klassesteg, i alt 900. Meirkostnad er sett til 3,8 mill. kr.

God kapasitet

Elevtalsoversikt hausten 2011 viser at kapasiteten ved dei vidaregåande skulane er god – med nesten 1300 ledige plassar. Talet på lærlingar har vist nedgang den siste åra, frå ca. 2200 i 2007-08 til ca. 1970 dei to påfølgjande åra. Frå hausten 2012 er det venta ein liten vekst att .

Samarbeid med næringslivet

Fylkesrådmannen foreslår ein ny post på 1,5 mill. kr til samarbeidstiltak mellom vidaregåande skular og næringslivet.

Prøvenemnder

I 2012 skal det oppnemnast nye prøvenemnder i fagopplæringa. Det vert rekna med ca. 300 nye medlemmer og løyvinga til instruktøropplæring er styrkt med 1,6 mill. kr.

Idrettsbygg

Fylkesrådmannen foreslår å setja av 2,5 mill. kr til idrettsanlegg i Etne i 2012. Etne vidaregåande skule skal nytta anlegget i undervisninga.

Meir om opplæringsbudsjettet, sjå samandrag av fylkesbudsjettet 2012, side 17-20

Budsjettdokument Opplæring

Samla budsjettforslag Hordaland fylkeskommune 2012

Stanley Hauge 04.10.2011 15:10
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart