Med eit driftsbudsjett på 245,5 mill. kr får den fylkeskommunale tannhelsetenesta i 2012 om lag same budsjettrammer som i 2011. Dette 0-vekstbudsjettet gjer det nødvendig å leggja ned klinikkar og effektivsera klinikkstrukturen.
Dette går fram av fylkesrådmannen sitt forslag til fylkesbudsjett for 2012 og økonomiplan for perioden 2012-15.

Takstauke
Takstane for vaksne betalande pasientar vert auka med 5 %. Med denne honorarauken vil tannhelsetenesta i Hordaland liggja nær landsgjennomsnittet
Nytt i 2012
Det nye Tannhelsetenestas kompetansesenter Vest opnar hausten 2012. Senter for odontofobi, som behandlar born og unge med uttalt skrekk for tannbehandling, vert ein del av det nye TK Vest.
Innsparingar
Nedlegging av tannklinikkar i samsvar med tannhelseplanen vil i 2012 gje innsparing på 1 mill. kr, naturleg vakanse i nokre stillingar vil på årsbasis gje innsparing på 1 mill. kr og takstauke på 5% vil auka innteninga med 2 mill. kr.
Nye stillingar
For å styrkja arbeidet med folkehelse og førebyggjande tiltak vert det oppretta to nye tannpleiar-stillingar i 2012. Stillinga som folkehelse- og tannhelserådgjevar vert utvida frå halv til heil stilling.
Meir om budsjett for tannhelse 2012, sjå samandrag av fylkesbudsjettet 2012, side 21-22
Budsjettdokumentet for tannhelse
Samla budsjettforslag Hordaland fylkeskommune 2012