Museumsplanen
Første prioritet i 2012-budsjettet er å starta oppfølging av museumsplanen. Det er funne rom for å styrkja museumsbudsjettet med 2 mill. kr til tiltak. Desse midlane vil verta fordelte i eiga sak. Eit sentralt satsingsområde er kommunal medverknad i museumssektoren. Tidlegare er Museumssenteret i Hordaland og Sunnhordland museum styrkte under føresetnad av tilsvarande kommunale bidrag. Det er lagt inn kr 600 000 til slike prosessar i 2012.

Ymse kulturføremål
Tilskotsposten ymse kunstføremål vert auka med 1 mill. kr til 9,5 mill. kr i 2012. Løyvinga til Fargespill vert dobla til 400 000 kr. Skrivekunstakademiet får påplussing med 230 000 kr for å kunna innføra påbyggingsår. Tilskot til Skrivekunstakademiet vert neste år på 2 165 000 kr. Stiftelsen 3,14 får påplussing med 320 000 kr til 1,4 mill. kr. Nye tilskot er 100 000 kr til Det Akademiske Kvarter og 100 000 kr til USF Verftet.
Større tilskotspostar
Kulturelt utviklingsprogram (KUP) og tilskotsordninga til kulturhus/arenaer, som var ny i 2011, vert førte vidare med 6 mill. kr til KUP og 10 mill. kr til kulturhus/arenaer. Av den sistnemnde summen skal 4 mill. kr gå til Arena USF slik det vart lagt opp til i budsjettet for 2011.
Diverse tilskot
Tilskotet til Vestnorsk kulturakademi er i forslaget auka med 177 000 kr til 300 000 kr. Fjellberg gamle prestegard får påplussing med 50 000 kr til 227 000 kr. Musica Nord får 100 000 kr, ein auke på 40 000 kr, til sommarkonsertserien Grieg in Bergen.
Tilskot til Landskyttarstemnet på Voss i 2012 er budsjettert med 600 000 kr.
Idrettsprofessor
I 2012-14 skal fylkeskommunen yta tilskot på 300 000 kr til ein professorstilling i idrett ved Høgskolen i Bergen.
Regional kulturplan
Budsjettramma gjev ikkje rom for større, nye satsingar. I løpet av 2012, som del av arbeidet med regional kulturplan, vil ein ta fatt på arbeidet med å få tydelegare føringar for den regionale kulturpolitikken. Dette vil få konsekvensar for prioriteringane i budsjettet for 2013. Det vil m.a. verta teke initiativ til å utvikla ein regional arkitekturstrategi.
Meir om kultur- og idrettsbudsjettet, sjå samandrag av fylkesbudsjettet 2012, side 31-34
Budsjettdokumentet for kultur
Samla budsjettforslag Hordaland fylkeskommune 2012