Ein delegasjon frå Hordaland har vore på vitjing over tre dagar i regionen. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg signerte avtalen. Avtalen er ein handlingsplan som skal gi retning for samarbeidsaktivitetane mellom dei to regionane, for den neste 3-års perioden.
Fylkesordføraren leia ein delegasjon på 11 personar med deltakarar frå både fylkesadministrasjonen (fylkesrådmann, kultur- og idrettsavdelinga, strategi- og næringsavdelinga og internasjonalt arbeidslag), Voss kommune, Voss jordbruksskole, Nyskapingsparken inkubator og Bergen Teknologioverføring. Programmet og reisa vart koordinert av internasjonalt arbeidslag og var tenkt som ei oppfølging av besøket frå Nedre-Normandie til Hordaland i juni 2009. Ein del av dei same temaa vart difor valt og denne gongen.
Ei konkretisering av samarbeidsavtalen.
Handlingsplanen som vart signert kan sjåast på som ei konkretisering av samarbeidsavtalen som vart inngått mellom Hordaland og Nedre-Normandie i 1993. Planen definerar nokre av satsingsområda for samarbeidet mellom regionane for perioden 2010 til 2012. I tillegg til aktivitetar innafor dei tre områda opplæring, regional utvikling og kultur, ligg dei marine og maritime aspekta som eit gjennomgripande tema.
Dette er i godt samsvar med den internasjonale strategien som er vedtatt for fylkeskommunen. Dei områda og aktivitetane er definert i samarbeid mellom regionsadministrasjonane, både ut frå kva for område regionane har eit særleg føremon på og kva for aktivitetar det allereie har vore diskutert eit mogleg samarbeid om.
Den nordiske kulturfestivalen ”Boréales”
Kvart år sidan 1992 har november stått i den nordiske kulturen sitt teikn i Normandie. Festivalen i år er utvida til 3 veker og ein reknar med eit rekordstort tal på selde billettar. I høve den 18. utgåva av Boréales festivalen, den største nordiske kulturfestivalen utanfor Norden, er det i år Danmark, Færøyane og Grønland som er fokusområda. Neste år er det i utgangspunktet dei baltiske landa som vil vere i fokus, men som ei markering av venskapsforholdet vil det og i 2010 vere ei særskilt satsing på kulturframsyningar frå Hordaland.
Festivalen er satt saman av aktivitetar som teateroppsettingar, litteraturopplesingar, danseførestillingar, film, utstillingar, konsertar og andre levende førestillingar. Disse finn stad hovudsakleg i Caen-området men og i andre delar av regionen. Det er mellom anna eit eige bibliotek- og skoleprogram. Det er det regionale litteratursenteret, Régional des Lettres de Basse-Normandie, som står som arrangør av festivalen, men med god støtte både av regionen og av nordiske kulturinstitusjonar.
Som ein del av vitjinga, fekk delegasjonen frå Hordaland vere med på både den offisielle opninga av festivalen i rådhuset i Caen, opningsførestillinga som var sirkusførestillinga ”Volchok” av den dansk-franske truppen Sirkus Trottola, opninga av ei utstilling frå Færøyane med foto tatt av ein sveitsisk fotograf og operaførestillinga ”Operation: Orfeo”.
Tre parallelle program
Under vitjinga vart det lagt opp til tre parallelle faglige program; Kultur, Innovasjon og Voss. Sistnemnte program hadde si bakgrunn i eit ønskje frå byen Bayeux om oppretting av eit venskapsforhold til Voss kommune og var lagt til rette for rådmann på Voss, Einar Hauge. Med var og rektor ved Voss jordbruksskule, Svein Inge Styve. Den nye samarbeidsplanen legg opp til ein særleg fokus på marine/maritime og jordbruksutdanningar, sidan begge regionane har ei særleg styrke på desse områda. I dette høvet var det lagt opp til vitjing på to jordbruksskolar i Nedre-Normandie med tanke på eit mogleg samarbeid.
Innan inno
vasjon var det lagt opp til ein kombinasjon av ein rundebordskonferanse kor dei aktuelle operatørane på innovasjonsfeltet i Nedre-Normandie presenterte seg og sitt virke og institusjonsvitjingar til t.d. oppdrettsanlegg og laboratorium. Formålet var å undersøke moglegheitene for konkrete samarbeid mellom einingar i Hordaland og Normandie.
Programmet som var lagt opp innan kultur ønskja mellom anna å vise fram ein del av dei tilsvarande institusjonane som dei vitja i Hordaland i juni, samt å sjå på korleis ein kan opprette meir samarbeid mellom kulturlivet i dei to regionane. Representantane frå Kulturavdelinga i HFK fortsette og programmet to dagar lenger enn resten av delegasjonen for å kunne diskutere meir i detalj korleis en kan samarbeide om neste års ”Boréales”-festival.
Vegen vidare
Handlingsplanen som nå er signert vil vere eit nyttig reiskap for samarbeidet mellom regionane i tida framover. Dei mange temaa og aktivitetane som er skissert kan sjåast på som ei direkte oppfølging av den kontakten, mellom anna gjennom fleire vitjingar, som har vore mellom administrasjonane i Hordaland og Nedre-Normandie – bare gjennom det siste året. Det er særs positivt at samarbeidet nå tar ei slik aktiv og konkret form.