Hordaland fylkeskommune sitt internasjonale engasjement
-som vedtatt i Fylkestinget 18/3-09
Visjon
Hordaland fylkeskommune skal ha eit aktivt internasjonalt engasjement med sikte på å fremje gjensidig kulturforståing og styrkje Hordaland som ein attraktiv og konkurransedyktig region. |
 |
Måla for internasjonalt samarbeid er:
- Skape ein arena for gjensidig læring for å bidra til å løyse felles regionale utfordringar
- Gje ungdom internasjonal kompetanse, kulturforståing og erfaring
- Utvikle Hordaland som ein kreativ, inkluderande og innovativ region med gode lokalsamfunn gjennom samarbeid med regionar i andre land
- Møte framtidige klimautfordringar gjennom internasjonalt samarbeid og kunnskapsutvikling
- Sikre ei berekraftig utvikling av kyst- og fjordområda i fylket, t.d. gjennom tettare samarbeid med regionar rundt Nordsjøen, og andre kystorienterte regionar
- Arbeide for å påverke Hordaland sine rammevilkår gjennom å fremje våre interesser i nasjonale og internasjonale forum
Strategiane for det internasjonale samarbeidet er:
- Styrkje prosjektsamarbeid som støttar opp under fylkeskommunen sine prioriterte satsingar
- Vere oppdatert på internasjonale trendar og utviklingstrekk
- Auke bruken av internasjonale program for ungdom
- Nytte kunnskap og erfaring frå internasjonale miljø inkludert det fleirkulturelle norske samfunnet og våre samarbeidsregionar
- Auke bruken av EU/EØS-program i det regionale utviklingsarbeidet
- Styrke samarbeidet kring sjøretta aktivitetar gjennom samarbeidsregionar, organisasjonar og prosjekt
- Styrkje kompetansen på EU og EØS-avtalen i fylket
- Vere ein aktiv deltakar i interregionale organisasjonar
Prioriterte tema
I den internasjonale strategien vert følgjande prioriterte tema løfta fram for å tydeleggjere det internasjonale engasjementet inn mot nokre område som er sentrale for Hordaland.
a. Ungdom - Utdanning og kulturutveksling
I lys av at fylkeskommunen er skuleeigar, og i lys av rolla som regional utviklingsaktør, er det særleg viktig å ha ei aktiv rolle i høve til å lære ungdom internasjonalt medansvar, både gjennom opplæringstiltak og den meir uformelle læringssituasjonen som t.d. gjennom kultur- og fritidsaktivitetar.
b. Kunnkapsbasert innovasjon
Fylkeskommunen skal vere ein medhjelpar og partnar for næringsliv, institusjonar og organisasjonar i høve til å møte utfordringane med globalisering. Dette gjeld ikkje minst i høve til forsking (FoU) og teknologioverføring. Dette arbeidet krev ein internasjonal kompetanse og kulturforståing hos aktørar gjennom heile fylket.
c. Klima, energi og miljø
Fylkeskommunen arbeider med ein fylkesdelplan for klima. Klimautfordringane er globale, og gode løysingar er avhengig av internasjonalt samarbeid og kunnskapsoverføring.
d. Sjøretta aktivitetar
Som kystfylke er det viktig at Hordaland har særleg fokus på nærings- og samfunnsliv knytte til sjøretta aktivitetar, og at ein styrkjer samarbeid med andre regionar i Nordsjøområdet.
Sida er sist endra 09.07.2009