Programsamarbeid

Hordaland Fylkeskommune deltek i ei rekkje internasjonale program. Dei fleste av disse er europeiske program med økonomisk og administrativ støtte frå EU.

Norsk deltaking i EU-program - generelt

Som EØS-medlem har norske verksemder, organisasjonar og offentlege institusjonar høve til å delta i ei rekkje EU-program innan eit breitt spekter av tema.

For programperioden 2007-2013 kan Noreg delta i disse programma

Konkrete programsamarbeid

Sjølv om Noreg har tilgang til over 30 ulike program, fokuserar fylkeskommunen sin innsats om 3 større program: 

Programmet for Livslang Læring

EUs program for livslang læring (LLP) består av fem underprogram, der følgjande fire sektorprogram utgjør hovuddelen:

  • Comenius for barnehage, grunnskole og vidaregåande skole (samt lærarutdanning).
  • Erasmus for høgare utdanning.
  • Grundtvig for vaksne si læring.
  • Leonardo da Vinci for yrkesopplæring og -praksis samt større prosjektsamarbeid mellom utdanningssektoren og næringslivet.

I tillegg er det oppretta eit tverrgåande program som er tematisk organisert for å støtte prosjekt som famnar om fleire av sektorane i utdanningsløpet 

I Hordaland fylkeskommune er Internasjonal seksjon regional koordinator for Leonardo da Vinci og gir hjelp i søknadsprosessen og med prosjektgjennomføringa. Her finn du meir informasjon om tenestene dei kan tilby innafor programmet

Aktiv Ungdom

"Aktiv ungdom" er EU sitt ungdomsprogram for ikkje-formell læring. Det er ei fortsetting av EU-programmet "Ung i Europa". Du kan finne meir informasjon på det nasjonale kontoret si heimeside ”Aktiv ungdom – Noreg

I Hordaland fylkeskommune er Internasjonal seksjon regional koordinator for programmet og gir hjelp i søknadsprosessen og med prosjektgjennomføringa. Her finn du meir informasjon om tenestane dei kan tilby innafor programmet.  

Interreg

Interreg er EU sitt program for grenseoverskridande regionalt arbeid. Programmet blei oppretta for å styrkje samarbeidet i grenseområde og auka sosial og økonomisk integrasjon mellom europeiske (nabo)regionar.

Interregprogrammet har følgjande delprogram:

  • Interreg A: grenseregionalt samarbeid,
  • Interreg B: transnasjonalt samarbeid, som fremjar territorial integrasjon ved å utvikla regionale strategiar
  • Interreg C: interregionalt samarbeid, som føregår uavhengig av geografisk plassering

Interreg III-perioden gikk frå 2000 til 2006, og Hordaland fylkeskommune deltok i fleire prosjekt innan rammene av Interreg IIIB- og IIIC-programma.

Innan Interreg IV programmet, som går frå 2007-2013, kan Hordaland Fylkeskommune delta under følgjande program:

- Interreg IVB - regional samarbeid :

  • Nordsjøprogrammet
  • Nordlig Periferi programmet
  • Østersjøprogrammet

- Interreg IVC – interregionalt samarbeid 

For inneverande periode er Hordaland Fylkeskommune nasjonalt kontaktpunkt for Nordsjøprogrammet 

Meir informasjon om Interreg på dei nasjonale nettsidene www.interreg.no

Meir informasjon om fylkeskommunen sitt prosjektsamarbeid

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart