Hordaland fylkeskommune har definert 5 hovudkategoriar for internasjonalt samarbeid. Dette er våre viktigaste verktøy for å drive det internasjonale arbeidet i fylket.
Dei 5 kategoriane er :
- Internasjonale organisasjonar
Dei tre (hovudsakleg europeiske) internasjonale organisasjonane kor HFK er medlem; Assembly of European Regions, Conference of Peripheral and Maritime Regions (herunder Nordsjøkommisjonen) og Baltic Sea States Subregional Cooperation
- Programsamarbeid
Store europeiske program kor HFK, i kraft av EØS-avtalen, kan delta i prosjektsamarbeid.
- Samarbeidsregionar
Regionar kor HFK har ein formalisert avtale om samarbeid eller kor eit nært samarbeid har vakse fram på prosjektbasis.
- Vest-Norges Brusselkontor
HFK er ein av medlemmane i Vest-Norges Brusselkontor, eit informasjons- og rådgjevingskontor eigd og drive av kommunar, fylke og andre organisasjonar i Vest-Noreg.
- Anna internasjonalt prosjektsamarbeid
Anna bilateralt prosjektsamarbeid, som ikkje fell inn under kategoriane ovanfor