”Verdas viktigaste forum for regionalpolitikk”
I sin tale under den offisielle opninga av arrangementet, omtalte EU sin kommisjonær for regionalpolitikk Johannes Hahn ”Open Days” som ”verdas viktigaste forum for regionalpolitikk”. I tillegg til å vere eit viktig forum er ”Open Days” sikkert og Verdas største forum for regionalpolitikk. I løpet av dei snaue tre dagane det varar deltar over 5500 deltakarar frå over 200 regionar og kommunar i 33 land på meir enn 130 ulike seminar. 
Gode døme frå Hordaland
Seminara under ”Open Days” skal vise fram gode døme knytt til eit relativt overordna tema. Tittelen for årets arrangement var “Investing in Europe’s future: Regions and cities delivering smart, sustainable and inclusive growth”.
I to av seminara vart det i år vist fram erfaringar frå Hordaland. Under seminaret ” Meet the projects - Environment in European cohesion policy” hadde Europakommisjonen plukka ut fire miljøprosjekt som dei ønskte å presentere – fire prosjekt dei såg på som særleg interessante. Eit av desse var ”Clean North Sea Shipping” som vert leda frå Hordaland fylkeskommune. Dette vart presentert av prosjektleiar Even Husby. Deltakarane på dette seminaret i ”Kafé-stil” fikk her høve til å lære meir om prosjekta, komme med spørsmål, og diskutere nærare med prosjektleiarane over ein kaffi etterpå.
Eit anna døme frå Hordaland var folkehelsearbeidet. Seminaret “Innovation for a healthy future” vart arrangert av sju regionskontor i Brussel, blant dei Vest-Norges Brusselkontor. Dette nettverket hadde invitert folkehelsekoordinator i Hordaland fylkeskommune, Sigrun Henriksen for å presentere erfaringane med regionale partnarskap for folkehelse. Det var stor interesse for dette seminaret og meir enn 200 personar hadde meldt sin interesse. Sidan kapasiteten på møtesalen i Norway House ikkje er meir enn 120 var det difor mange som måtte få avslag. Etter seminaret var over, vart det arrangert eit møte kor dei som ønskte kunne bli igjen og diskutere konkrete samarbeidsprosjekt innan helserelaterte tema.
God deltaking frå Vestlandet
Vest-Norges Brusselkontor er ein aktiv deltakar i ”Open Days”. I tillegg til å vere medarrangør og vertskap for ein av dei offisielle seminara, lagar dei kvart år og eit eige opplegg for deltakarane frå medlemskommunane, og –fylkeskommunane. Måndagen før arrangementet startar inviterar dei deltakarane til eit medlemsseminar kor norske ressurspersonar, både frå den norske EU-delegasjonen og norske nasjonale ekspertar hos Europakommisjonen, vert invitert inn for å gi ei oppdatering på kva som skjer i EU innan tema som næringspolitikk, miljø og transport. Tilbakemeldingar viser kvart år at medlemsseminaret er blant dei arrangementa som deltakarane sett størst pris på. I år deltok det ca 30 personar frå Vestlandet – 7 av desse frå Hordaland fylkeskommune.
Lokale arrangement
Europakommisjonen hare it ønskje om å bringe temaa frå ”Open Days” ut til alle innbyggjarane. Dette er grunnen til at dei ber alle byane og regionane som deltar om å arrangere minst eitt lokal arrangement, i tidsramma september til november, under merkelappen ”Europa i min region”. Vest-Norge sitt arrangement for 2011 er konferansen ”Demografiske endringar – frå problem til ressurs” som arrangerast i Bergen 26. oktober i samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Vest-Norges Brusselkontor.
Meir informasjon
Om arrangementet på Vest-Norges Brusselkontor
Om helseseminaret på Norway House – artikkel frå den norske EU-delegasjonen
”Open Days” offisielle nettsider