Storslagen tenning av julelysa i Edinburgh

Torsdag 24. november vart lysa på juletreet frå Hordaland tent i Edinburgh, for 26. året på rad. Juletreet frå Hordaland har ein sentral plass i førjulsarrangementa i den skotske hovudstaden.

Tradisjonen tro vart kvelden avslutta med ein skotsk-norsk adventskonsert i St. Giles-katedralen.

Juletre i Edinburgh

Juletreet som er gåve frå Hordaland fylkeskommune, er tent på the Mound, nedanfor Edinburgh Castle.

Lang tradisjon
Kvart år sidan 1986 har Hordaland fylkeskommune gitt eit juletre til innbyggarane i Edinburgh, på vegner av innbyggarane i Hordaland, som takk for hjelpa dei gav norske sjømenn under andre verdskrig.

Frå 2000 vart tenninga av lysa på juletreet frå Hordaland ein del av den større Edinburgh Capital Christmas Festival og har vorte ein del av førjulstradisjonane som vert sette stor pris på.

Borgermestar George Grubb sa til og med i sin tale at juletreet frå Hordaland var gneisten som fikk Edinburgh til å utvikle opninga av adventstida til det storslagne arrangementet det er i dag. Sjølve lystenninga på the Mound, nedanfor Edinburgh Castle, trekkjer kvart år store folkemengder, og det vart vurdert til at nær 10 000 menneske var samla ved the Mound torsdag kveld.

Borgarbester i Edinburgh

Frå venstre: Fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes og fylkesordførar Tom-Christer Nilsen sman med borgarmester i Edinburgh, George Grubb og kona hans.

Storslagen tenning
Sidan det i år er første året med det nye fylkestinget var både fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og fylkesvaraordførar Mona Hellesnes til stades ved juletretenninga, saman med ambassadør frå Noreg til Storbritannia, Kim Traavik. Både Borgarmester i Edinburgh, George Grubb og fylkesordførar Tom-Christer Nilsen heldt tale før lysa på juletreet vart tent.

Vind opp i sterk kuling gjorde at det store fyrverkeriet som var planlagt måtte avlysast av sikkerhetshensyn, men ei 14 meter høg «snødronning» med innlagt pyroteknikk gjorde likevel sitt til at det vart ei storslagen førestilling for dei mange frammøtte – og at Edinburgh levde opp til sitt slagord «Edinburgh sparkles»

Adventskonsert i St. Giles-katedralen
Tradisjonen tru vart dei norsk-skotske banda og i år markert med ein felles adventskonsert i St. Giles Cathedral. Leiar og dirigent for Edinburgh University Chamber Choir, Eric von Ibler, utviklar kvart år ein felleskonsert i samarbeid med musikkseksjonen i Hordaland fylkeskommune.

Marianne Juvik Sæbø

Marianne Juvik Sæbø sin vakre song vart svært godt mottken under konserten i St. Giles-katedralen.

Årets solist frå Hordaland var Marianne Juvik Sæbø, med Knut Christian Jansson på flygel. Førstnemne stilte sporty opp på ein dags varsel, då den opprinnelege solisten vart sitjande fast på Grønland på grunn av eit kansellert fly.

Konserten var ei fantastisk oppleving for dei nesten 900 som fylte katedralen denne kvelden. Dei fekk høyre både norske og engelske julesongar, i tillegg til klassiske verk. Prest i den norske sjømannskyrkja i London, Thorbjørn Holt, minte dei frammøtte om at jula er ei tid for å ta vare på kvarandre.

Lenkjer
Konsertprogrammet (pdf)
http://www.theedinburghreporter.co.uk/tag/city-of-edinburgh-council/ http://www.theedinburghreporter.co.uk/2011/11/its-christmas-in-edinburgh/

Charlotte Lillefjære-Tertnæs 28.11.2011 14:15
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart