
Omvisning på Hordaland-utstillinga ”Meeting point Wood” i Frankrike: Leiar av kultur- og ressursutvalet i Hordaland, Anne Beth Njærheim (f.v.), koordinator Noemie Berthet ved internasjonal seksjon i Nedre Normandie (bak), den norske prosjektleiaren for utstillinga, Atle Ove Martinussen, fylkesvaraordførar Mona Hellesnes, Kirsten Ese ved internasjonal seksjon i Hordaland (bak), den franske koordinatoren for utstillinga Pierre Schmidt og fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd. (foto: Tone Stedal Haugland)
Ganger-Rolv
Borealis er ein nordisk kulturfestival i Nedre Normandie. Normandie er stolt over sine nære band til Noreg. I år er det 1100 sidan Rollo vart utnemnd til den første hertugen av Normandie. Etter norsk og islandsk tradisjon er Rollo identisk med Ganger-Rolv frå Sunnmøre, han som klipte Harald Hårfagre då Noreg vart samla til eitt rike.
Samarbeidsavtale
Regionen Nedre-Normandie og Hordaland inngikk si første samarbeidsavtale i 1993, og sidan den tid har regionane hatt eit nært samarbeid. I høve avtala mellom Hordaland og region Nedre Normandie opna fylkesvaraordførar Mona Hellesnes, saman med franske samarbeidspartnar opna to store utstillingar sist helg: ”Meeting point Wood” og ”L’univers d’Edvard Munch”, i ramma av den årlege festivalen ”Les Boréales” i Caen.
Handlingsplan
For to år sidan vart det signert ein treårig handlingsplan der det er lagt stor vekt på kulturelt samarbeid. Leiar av kultur- og ressursutvalet i Hordaland, Anne Beth Njærheim, deltok også i delegasjonen saman med mellom anna fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti.
Flaggskipet
For to år sidan introduserte kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune Bergen kunstmuseum og Musée des Beaux-Arts de Caen for kvarandre for å sjå om dei kunne finne det interessant å samarbeide. Dette har no resultert i eit av dei største Munch-utlåna som har vore gjort. Denne utstillinga ”L’univers d’Edvard Munch” er flaggskipet under Borealis-festivalen. Utstillinga er samansett av 15 måleri frå Bergen kunstmuseum saman med femti trykk frå Gundersensamlinga. Denne samlinga har vore utstilt i Bergen kunstmuseum. Dei har såleis vore lenkja til Gundersen som eig ei av dei beste private Munch-samlingane i verda.
Stor Munch-samling
Mange trur at det er Munch-museet i Oslo som har den beste og største samlinga av Munch-verk, men Bergen kunstmuseum eig ei av dei største Munch-samlingane i verda. Dei 15 måleria som er vist her, viser kjernen i Munch sin kunst: Kvinna, kjærleik, sjukdom og død. Dei er skapt i 1890-åra, ein av dei mest kreative periodane i kunstnaren sitt liv.
2800 besøkande
Gundersen si samling er ei unik privat samling med eit stort tal verk og mange variantar. Den utsøkte Gundersen-samlinga av trykk, litografiar og tresnitt speler saman med måleria. Dette utgjer ei særs god og interessant tilnærming og presentasjon av kunstnaren, både innan teknikk og tematikk. På opningsdagen av utstillinga i Caen møtte det fram 800 personar, og utstillinga har fått stor fokus i franske medier mellom anna ei heilside i avisa Liberation i Paris. Med 2800 besøkande i opningshelga sette Munch-utstillinga frå Noreg publikumsrekord for kunstmuseet i Caen.
På turne i Frankrike og Noreg
Den andre utstillinga, Meeting point wood er eit omfattande museumssamarbeid der Hordaland fylkeskommune og Nedre-Normandie er prosjekteigarar, mens utføringa er sett ut til Museumssenteret i Hordaland og kulturminneorganisasjonen CRECET i Nedre-Normandie. Dei har igjen med seg mange partnarar i museumssektoren i dei to regionane. I tillegg til at dette er ei utstilling som skal turnere på samarbeidande museum i begge land i fleire år, er det knytt til eit omfattande program med seminar, elevopplegg og utveksling av handlingsboren kunnskap knytt til bruken av tre. Så opninga av denne utstillinga er berre starten på ein lang prosess. Frå Hordaland deltek, i tillegg til Museumssenteret, Oselvarverkstaden, Hardanger og Voss Museum avd. Hardanger Fartøyvernsenter og Sunnhordland museum.
Ein av dei fem store
Festivalen Les Boreales feirar i år tjueårsjubileum. Den er ein av dei fem største festivalane i Frankrike. Festivalen fokuserer på nordisk kultur innan ei rekkje sjangrar. I tillegg til museumssamarbeida blir det og konsert med Casiokids og framsyningar med Alan Lucien Øyen/Winter guests og Jo Strømgren kompani i løpet av dei to vekene festivalen held fram, alt under merkelappen “Made in Hordaland”.
Oppslag i den franske avisa Liberation om Munchutstillinga
Intervju i Liberation med Jerome Remy, direktør for Boreales-festivalen
Publikumsrekord på Munch-utstillinga
Omtale av Munch-utstillinga
Video frå treutstillinga "Meeting point Wood” på YouTube (utstillinga er 5,29 minutt ut i videoen)
Nettsidene til Borealis-festivalen
Borealisfestivalen på YouTube
Program for Borealisfestivalen