Nøgde elevar i Cardiff

I samband med tenninga av lysa på juletreet frå Hordaland i Cardiff, møtte fylkesordføraren og –varaordføraren dei 17 elevane frå Hordaland som går på skole der. Elevane uttrykte at dei så langt er veldig nøgde med opphaldet.

Tilbod til Hordalandselevar sidan 1996

Kvart år sidan 1996 har Hordaland fylkeskommune gitt ca 15 ungdommar frå fylket høvet til å ta heile andre året av vidaregåande skole i Cardiff, Wales. Årets kull er med andre ord det 16. i rekka. Tilbodet ble initiert av, og vert framleis koordinert frå Knarvik vidaregåande skole, men elevane kjem frå skolar i heile fylket. Årets elevar kjem frå Masfjorden i nord til Bømlo i sør. Gjennom eit år skal elevane bo hos vertsfamiliar i Cardiff og nabokommunen Barry, og gå på skole med dei lokale ungdommane. Det går ikkje meir enn to til fire elevar på Hordaland på kvar skole, for å sikre at dei vert best mogleg integrert.

Nøgde elevar

Skoleåret 2011/2012 er det 17 elevar frå Hordaland som har fått tilbod om å tilbringe eit heilt år i Wales.  Dei 17 ungdommane har ikkje berre fått ein ny skolekvardag på engelsk, men må og venne seg til nye reglar og rutinar, og ikkje minst nye familiar. Etter snart eit semester med skolegang i Wales uttrykte alle elevane at dei så langt var særs nøgde med opphaldet; dei aller fleste kom veldig godt overeins med sine nye familiar, språket gjekk bra (det var kanskje berre nokre fag som biologi og rettslære som vart litt vanskelege) og tilpassinga til sine nye skolar hadde gått bra. Dei som var komen på skolar med skoleuniform mente til og med at det kunne vere ein fordel. Eit av dei største problema var nok mangelen på norsk grovbrød – og det seier vel sitt.

Sjølv om elevane bur i verstfamiliar og opplever at dei har verte godt integrert på sine respektive skolar, understrekar dei likevel kor viktig samhaldet med dei andre norske er. Dei møtast jamleg på fritida og opplevar at dei har verte ei solid gruppe som støttar opp om kvarandre.

Møte i samband med julelystenninga

I samband med den årlege tenninga av lysa på juletreet frå Hordaland utanfor den gamle sjømannskyrkja i Cardiff Bay, vitja fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og varaordførar Mona Hellesnes Cardiff, helga 25.-27. november 2011. Med i delegasjonen var og fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti, Charlotte Lillefjære-Tertnæs frå Internasjonal seksjon, samt Mette Valle frå AUF som var med til Cardiff i høve plantinga av eit tre til minne om ofra etter terroraksjonane 22. juli 2011. Fylkesordføraren hadde bedt om godt tid til å møte og snakke med elevane frå Hordaland under dette besøket. ”Hordalandsklassen i Cardiff” er eit viktig prosjekt for fylkeskommunen og difor er det viktig med førstehands informasjon.

Laurdag 26. november var alle elevane difor invitert til Cardiff City and County Council sin representasjonsbolig Mansion House. Etter møtet med representantane frå Hordaland var dei invitert til middag av Lord Mayor of Cardiff, Prof. Delme Bowen.

Foran f.v.: Mette Valle frå AUF, fylkesvaraordførar Mona Hellesnes, Lord Mayor Delme Bowen, fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, Lady Mayoress, fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti.

Charlotte Lillefjære-Tertnæs 02.12.2011 09:19
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart