Reduksjon av funksjonell anafabetisme
Nettverksprosjektet “InterAge - Intergenerational Approach to Reduce Functional Illiteracy” er eit samarbeidsprosjekt mellom Kvinnherad kommune i Hordaland og Ormoz kommune i Slovenia. Både kommuneleiing, skular, helseinstitusjonar, bibliotek og frivillege deltek. Samarbeid mellom generasjonane er eit viktig element. Gjennom prosjektet vonar ein å skape nye læringsarenaer som styrkjer lesekunnskapen blant barn og unge.
Mange deltakarar frå Kvinnherad og Slovenia
Prosjektet går over 2 år (2011-2013) og er finansiert av EU-programmet Comenius Regio. Det vil i alt bli arrangert 3 workshops/konferansar i kvar av dei to kommunane. Frå Kvinnherad deltek Rosendalstunet, Malmanger skule, Rosendal ungdomsskule, Kvinnherad bibliotek og Kvinnherad frivilligsentral. Frå Ormoz tilsvarande organisasjonar. Prosjektleiar på norsk side er Leif Kongestøl, som er verksemdleiar for Rosendalssona i Kvinnherad.
Oppstart november 2011 - mange spennande aktivitetar
Oppstartmøte var 8.-12. november 2011 i Kvinnherad. Saman med i alt 7 representantar frå ulike institusjonar i Ormoz arbeidde kvinnheringane i ulike worshop for å planlegge dei vidare aktivitetane i prosjektet. Det var og sett av tid til omvisning på Rosendalstunet, på biblioteket og turar i den vakre Kvinnheradnaturen. Som resultat av samlinga kom det fram fleire nye idear til aktivitetar og læringsarenaer t.d. høgtlesing for eldre, historie- og kulturformidling mellom generasjonanae, intervju mellom unge og eldre, felles ”e-bok”, felles drift av kafé, bruk av eldresentra og bibliotek som arena for presentasjon av skuleprosjekt og skuleoppgåver, felles nettstad, unge og eldre i samarbeid om restaurering av jakta ”Gurine” og mykje meir. Nokon av tiltaka er allereie sett i gang.
Frivilleg sektor: Konferanse i Bergen i oktober 2011
Prosjektleiaren frå Ormoz, Mihaela Vorsic, er dagleg leiar på eit eldresenter og deltok på arrangementet ”Europa i min region” 26. oktober 2011 i Bergen. Der ga ho ein presentasjon om korleis Ormoz kommune samarbeider med frivillige for å auke kvaliteten i helse- og omsorgstenesta. Sjå ”Cross sectorial public cooperation and use of voluntary sector as resources in healthcare for elderly” . Slovenarane på si side, er svært interessert i å få meir kunnskap om korleis det norske helse- og omsorgarbeidet er organisert.
Neste møte i Ormoz 12.-16. mars 2012
Besøket frå Slovenia var stor stas, og delegasjonen var svært nøgde og imponerte etter arbeidsøkta og trivelig omvisning i bygda og hos dei forskjellige institusjonane. Ein dag var avsett til sightseeing i Bergen.
Neste prosjektmøte blir i Ormoz 12.-16. mars 2012. Då vil deltakarane m.a. sjå på korleis frivilleg sektor kan vere ein viktig ressurs for barne- og ungdomskulen og helse- og omsorgstenesta.
Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Hordaland (USHT)
Åslaug Brænde, leiar for (USHT) stod for koplinga mellom dei to kommunane og vil vere fagleg rådgivar vidare i prosjektet. Hordaland fylkeskommune ved Internasjonal seksjon bistod i prosjektutviklings- og søknadsarbeidet.

Dei slovenske prosjektdeltakarane saman med norsk prosjektleiar Leif Kongestøl (bakerst) på tur i Bondhusdalen. Slovensk prosjektleiar Mihaela Vorsic heilt til venstre i biletet. (Foto: Åslaug Brænde)
Kontakperson: Prosjektleiar i Kvinnherad: Leif Kongestøl, 53 47 59 38.
Meir om Ormoz
Meir om Kvinnherad
Meir om Comenius
Meir om Utviklingssenter for sykehjem og hjemmestjenester i Hordaland