Delegasjon til Normandie under Boréalesfestivalen

Denne veka var 20 personar frå Hordaland, både politikarar, administrasjon og eksterne partnarar, på delegasjonsvitjing i fylkeskommunen sin samarbeidsregion Nedre-Normandie, 21-25. november. Den nordiske kulturfestivalen Les Boréales danna ramma for vitj

Hordalandsfokus under årets Boréales-festival

Kulturfestivalen Les Boréales ga i år, for nittande året på råd, innbyggjarane i Nedre-Normandie nærare tre veker med nordiske kulturutrykk; litteratur, utstillingar, scenekunst og musikk. Som ei markering av det nære forholdet mellom Hordaland og Nedre-Normandie hadde festivalen i år satt av ei veke til norske artistar, forfattarar og kunstnarar, dei fleste av desse frå Hordaland, under merkelappen ”Made in Hordaland”. Dette omfattar eit breitt spekter av kulturutrykk frå fylket vårt, frå dansekompaniet Carte Blanche til black metall bandet Gorgoroth, frå forfattaren Gunnar Staalesen til elektronikamusikaren Espen Sommar Eide (alias Phonophani).

Artisten Phonophani opptrådde i lag med den lokale artisiten Pierre Bastien 
Bergensartisten Phonophani opptrådde i lag med den lokale artisten Pierre Bastien. 

7 politikarar frå Kultur- og Ressursutvalet i fylket nytta dette høvet til å verte betre kjent med det kultursamarbeidet som allereie er på plass og det som er av planer framover. Representantar frå Kunstmuseene i Bergen var til dømes med for å diskutere utveksling av kunstsamlingar med Musée Des Beaux Arts i Caen. Deltakarane fekk både med seg nokre av Hordalandsinnslaga under festivalen i tillegg til å vitje sentrale kulturinstitusjonar i regionen.

Maritimt fokus for samarbeid mellom to kystregionar

Både Hordaland og Nedre-Normadie har lange maritime tradisjonar.

I den treårige handlingsplanen som Hordaland og Nedre-Normandie signerte i 2009 ligg det maritime aspektet som eit overordna tema. Begge regionane er kystregionar kor maritime næringar, ferdsel på og langs vatnet, og ikkje minst marin næringsproduksjon står sentralt. Frå fylkeskommunen var det med representantar frå både samferdsleavdelinga, regionalavdelinga/næringsseksjonen og Bergen maritime skole/fagopplæring, i tillegg til Bergen maritime forum, for å diskutere moglege samarbeidsaktivitetar og –prosjekt med maritime tema. Det var lagt opp til både presentasjonar av både næringsklynger, hamnestrukturar og prosjekt (t.d. Clean North Sea Shipping) i tillegg til vitjing til mellom anna inkubatorar for maritime verksemder.

Eit blikk også ut over dei sentrale strøka

Som i Hordaland, er ein òg i Normandie opptatt av å vise fram regionen også ut over den sentrale byen kor sentraladministrasjonen er lokalisert. Det vart difor lagt opp til fleire vitjingar utanfor Caen; både til D-dags-strendene kor ein fekk sjå korleis kulturminnevernet, i dette tilfellet krigsminnesmerke, vart ivaretatt og til den freda øya Tatihou kor museet skal delta i eit prosjekt med m.a. Museumssenteret i Hordaland og Hardanger og Voss Museum om den tradisjonelle bruken av treverk.

 
Delegasjonen vitja fleire stader utanfor Caen. Her på øya Tatihou.

Den viktigaste hamna i Nedre-Normandie er Cherbourg – ein av dei mest sentrale hamnene sør i den engelske kanal. Heile delegasjonen, både politikarar og administrasjon, fekk ein presentasjon av hamna, korleis den er utforma i dag og kva planar ein har for framtida. Det er eit rikt potensiale for erfaringsutveksling og samarbeid mellom hamnene i Normandie og i Hordaland.

Vidare prosjektutvikling

Handlingsplanen frå 2009 legg opp til eit nært samarbeid mellom dei to regionane på fleire område; både kultur, opplæring og regional utvikling – med det marine og maritime som overordna perspektiv. For å oppfylle denne målsetjinga er ein rekke ulike einingar, både innan og utanfor regionsadministrasjonane i gang med å utvikle felles prosjekt og aktivitetar.

I 2011 vil også Nedre-Normandie feire at det er 1100 år sidan Gange Rolv fikk til ein avtale med den franske kongen, og på den måten oppretta den historiske regionen Normandie. Gjennom heile året ønskjer dei å markere dette  - og i særdelesheit sitt forhold til ”søskenbarna i nord”.

Stormønstring av norsk kultur i Frankrike
Innslag på NRK Hordaland
Fleire innslag om Boréales på tv-kanalen France3

Charlotte Lillefjære-Tertnæs 26.11.2010 11:16
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart