Fransk-Norsk Stiftelse for vitenskapelig og teknisk forskning og industriell utvikling (FNS) skal bidra til å fremme langvarig fransk-norsk forskingssamarbeid ved å finansiere felles forskings- og utviklingsprosjekt. Minst ei bedrift må delta i prosjekta både på fransk og norsk side, gjerne i samarbeid med forskingsinstitutt og/eller universitet. Frå norsk side vert FNS administrert gjennom Forskingsrådet.
Neste søknadsfrist for FNS er 1. april 2012.
FNS støttar næringsretta FoU-prosjekt. For å få støtte, må minst ei bedrift frå begge land delta i prosjektet. Små- og mellomstore verksemder (etter EU sin definisjon) er prioritert. FoU-prosjekta skal føre til nye prosessar og produkt for industriell bruk.
Krav til søknad og søknadsskjema finn ein på nettsida til FNS
Støttebeløp til norske prosjektdeltakarar: opp til 400.000 kr i støtte per år i tre år (samla 1,2 mill. kr i støtte), men ikkje meir enn 50 % av norske prosjektkostnader. Offentleg støtte på fransk side er vanlegvis av omlag same storleik.
I tillegg til prosjektstøtte, kan FNS støtte seminar, forprosjekt og korte forskaropphald i begge land (Åsgard-programmet).
FNS prioriterer desse tematiske forskingsområda:
• Havbruk og næringsmiddelindustri
• Bioteknologi og biomedisinsk industri
• IKT
• Energi- og miljøteknologi
• Marin forsking og teknologi
• Materialforsking og teknologi
• Olje- og gassleiting og produksjon
Samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Basse-Normandie
Hordaland fylkeskommune har hatt eit samarbeid med regionen Basse-Normandie (Nedre-Normandie) i Frankrike sidan 1993. ”Forsking og innovasjon” er eit av tre hovudsatsingsfelt for samarbeidet dei neste åra. Fylkeskommunen ønskjer å bidra til samarbeid og fellesprosjekt innan dette feltet gjennom informasjon, etablering av kontaktar og formidling av informasjon om finansieringskjelder. Fransk-Norsk Stiftelse er ei mogleg finansieringskjelde.
Det regionale innovasjonsselskapet i Nedre-Normandie, MIRIADE er fylkeskommunen sin samarbeidspartnar på FoU-samarbeid i Frankrike. MIRIADE ønskjer særleg å framheve følgjande forskingsområde i regionen:
• IKT
• Helse
• Materialforsking og teknologi
• Berekraftig utvikling/energi
Eit døme på prosjekt frå Hordaland som allereie har fått støtte frå FNS er ”Vekst og bioenergetikk hos blåskjel i akvakultur - Blue-DEB” (2008-2010) med deltaking frå m.a. UiB og Havforskingsinstituttet.
Hordaland fylkeskommune ønskjer med dette å oppmuntre til forskingssamarbeid med aktørar i Nedre-Normandie. I samarbeid med Forskingsrådet ønskjer vi særleg å oppfordre til å søkje om midlar frå Fransk-Norsk Stiftelse , innan 1. april 2012. Neste frist er 1. oktober 2012.
Fylkeskommunen kan hjelpe til med å etablere kontakt med relevante institusjonar eller nettverk i Normandie dersom nokon manglar oppdaterte nettverk, men likevel ønskjer å få til prosjektsamarbeid i denne delen av Frankrike.
Kontaktpersonar:
Hordaland Fylkeskommune, Regionalavdelinga
For spørsmål knytt til samarbeidet med og moglege partnarar i Normandie: Charlotte Lillefjære-Tertnæs, Internasjonal seksjon, Telefon:55 23 99 10.
For spørsmål knytt til regional støtte til forskingsprosjekt generelt: Randi Lotsberg, Sekretariatet for Regionalt forskingsfond Vestlandet og VRI Hordaland,
Telefon: 55 37 80 94
Fransk-Norsk Stiftelse:
Randi Aarekol Basmadjian, +47 98 22 35 63, www.rcn.no/fns
Meir informasjon om Fransk-Norsk stiftelse