Profilbilde

Internasjonalt - aktuelt

Internasjonalt - aktuelt

  • Bilaterale FoU-prosjekt med Frankrike - søk om inntil 150 000 euro i støtte

    Bilaterale FoU-prosjekt med Frankrike - søk om inntil 150 000 euro i støtte Dersom du er involvert i FoU-samarbeid med Frankrike, kan informasjonen som følgjer vere av interesse. Du kan få hjelp til å finne nye samarbeidspartnarar, og du kan få økonomisk støtte gjennom Fransk-Norsk Stiftelse. Norske deltakarar i fransk-norske samarbeidsprosjekt kan få inntil 150 000 euro i støtte.

    18.01.2012
    Les heile saka
  • Samarbeid mellom Kvinnherad kommune og Ôrmoz i Slovenia

    Samarbeid mellom Kvinnherad kommune og Ôrmoz i Slovenia "InterAge" er eit to-årig nettverksprosjekt mellom Kvinnherad og Ormoz i Slovenia. Målsettinga er at sterkt lokalt engasjement og samarbeid mellom generasjonane skal skape nye læringsarenaer som styrkjer lesekunnskapen blant barn og unge.

    06.01.2012
    Marit Einen
    Les heile saka
  • Nytt internasjonalt nyheitsbrev publisert

    29.12.2011
    Les heile saka
  • Julelysa tent på Orknøyane

    Julelysa tent på Orknøyane Helga 2.-4. desember 2011 var ein delegasjon frå Hordaland fylkeskommune, leda av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen på Orknøyane. Eit av måla med vitjinga var å tenne lysa på juletreet som fylkeskommunen gir til denne venskapsregionen kvart år.

    06.12.2011
    Kate Clarke (tekst & foto)
    Les heile saka
  • Nøgde elevar i Cardiff

    Nøgde elevar i Cardiff I samband med tenninga av lysa på juletreet frå Hordaland i Cardiff, møtte fylkesordføraren og –varaordføraren dei 17 elevane frå Hordaland som går på skole der. Elevane uttrykte at dei så langt er veldig nøgde med opphaldet.

    02.12.2011
    Charlotte Lillefjære-Tertnæs
    Les heile saka
  • «Hordalandsjuletre» planta i Cardiff

    «Hordalandsjuletre» planta i Cardiff Tradisjonen tru vart lysa på juletreet utanfor den norske kyrkja i Cardiff tent sundag 27. november. Det spesielle var at treet frå og med i år står planta på plenen utanfor «Hordalandsterrassen». Treet er planta til minne om ofra etter terrorhandlingane 22. juli og ein minneplakett vart avduka av fylkes-ordførar Tom-Christer Nilsen og Mette Valle frå AUF.

    29.11.2011
    Charlotte Lillefjære-Tertnæs
    Les heile saka
  • Storslagen tenning av julelysa i Edinburgh

    Storslagen tenning av julelysa i Edinburgh Torsdag 24. november vart lysa på juletreet frå Hordaland tent i Edinburgh, for 26. året på rad. Juletreet frå Hordaland har ein sentral plass i førjulsarrangementa i den skotske hovudstaden.

    28.11.2011
    Charlotte Lillefjære-Tertnæs
    Les heile saka
  • Stor suksess for hordalandsutstilling i Frankrike

    Stor suksess for hordalandsutstilling i Frankrike Dei to hordalandsutstillingane i Frankrike haustar stor suksess. Munch-utstillinga sette ny publikumsrekord opningshelga ved Musée des Beaux-Arts de Caen, og utstillinga knytt til bruk av tre, ”Meeting point Wood” vekte oppsikt. Dette er ein del av den årlege Borealis-festivalen.

    09.11.2011
    Tone Stedal Haugland/Stein Ottosen
    Les heile saka
  • Vellukka internasjonal konferanse 26. oktober 2011

    Vellukka internasjonal konferanse 26. oktober 2011 Onsdag 26. oktober 2011 arrangerte Internasjonal seksjon i fylkeskommunen, saman med Vest-Noregs Brusselkontor dagskonferansen ”Demografiske endringar- frå problem til ressurs”. Konferansen vart ein suksess, og hadde eit stort og variert publikum. Det var i overkant av 60 tilhøyrare, blant anna politikare frå fylke, tilsette frå ulike kommunar, helse og sosialfag og ulike næringar. Av innleiarane var det blant anna gjester frå England, Slovenia og Nederland.

    01.11.2011
    Les heile saka
  • Viste fram gode døme frå Hordaland under ”Open Days” i Brussel

    Viste fram gode døme frå Hordaland under ”Open Days” i Brussel Måndag 10. til torsdag 13. oktober arrangerte EU (Regionkomiteen, saman med Europakommisjonen) for niande gong regionsmønstringa ”OPEN DAYS – European Week of Cities and Regions” i Brussel. Dette arrangementet samlar deltakarar frå heile Europa for å lære meir om kva som skal til for å oppnå vekst og framgang i regionane. To av innleggshaldarane på konferansen kom frå Hordaland fylkeskommune.

    18.10.2011
    Charlotte Lillefjære-Tertnæs
    Les heile saka
  • Satelittinformasjon og satelittbaserte tenester

    Konferanse med Eurisy på Clarion Hotel Bergen Airport, torsdag 20. oktober.

    07.10.2011
    Les heile saka
  • Internasjonal konferanse i Bergen 26. oktober

    Internasjonal konferanse i Bergen 26. oktober Onsdag 26. oktober 2011 inviterast representantar frå kommunar og fylkeskommunar på vestlandet til ein dagskonferanse om korleis ein kan møte dei demografiske endringane i kommunane og korleis ein kan nytte dette som ein ressurs.

    13.09.2011
    Les heile saka
  • Elin Kvamme skal til VM i pesto

    Elin Kvamme skal til VM i pesto Elin Kvamme skal representere Norge i VM i pesto i Italia neste år. Ho gjekk sigrande ut av kvalifiseringskonkurransen under matfestivalen i Bergen søndag ettermiddag.

    12.09.2011
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Hjeltneselevar møtte kongeparet i Slovenia

    Hjeltneselevar møtte kongeparet i Slovenia Å delta i eit Leonardo-prosjekt kan gi uana og uventa opplevingar. Det fikk dei tre ungdommane frå Hjeltnes gartnarskule erfare da dei var på praksisopphald i Slovenia i byrjinga av mai i år. Dei fekk vere med på middag med det norske kongeparet som var på offisiell vitjing i landet på same tid.

    24.05.2011
    Kirsten M. Ese
    Les heile saka
  • 17. mai feiring på Orknøyene

    17. mai feiring på Orknøyene Tradisjonen tro sørgja Orkney Norway Friendship Association for at det og i år vart feira 17. mai på Orknøyane. I det flotte været vart det både kransenedlegging og 17. mai tog. Fylkespolitikar Magnar Lussand representerte Hordaland fylkeskommune under markeringa

    23.05.2011
    Charlotte Lillefjære-Tertnæs
    Les heile saka
  • Folkemusikkgruppe frå Litauen vitja aldersheimar i Bergen

    Folkemusikkgruppe frå Litauen vitja aldersheimar i Bergen Folkemusikkgruppa "Bociai" (“Dei eldre”) frå Hordaland fylkeskommune sin samarbeidsregion i Litauen, Kaunas, var i Bergen i veke 20. Onsdag 18. mai hadde dei konsertar på tre aldersheimar i byen.

    19.05.2011
    Charlotte Lillefjære-Tertnæs
    Les heile saka
  • Opnar nyrestaurert sjømannskyrkje i Cardiff

    Opnar nyrestaurert sjømannskyrkje i Cardiff – Vi feirar dei sterke banda mellom Cardiff og Hordaland og symbolet på det lange samarbeidet, den norske kyrkja her, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. 17. mai opnar ho den nyrestaurerte sjømannskyrkja i Cardiff.

    18.05.2011
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • EU-ambassadøren markerte Europadagen i Bergen

    EU-ambassadøren markerte Europadagen i Bergen Fredag 6. mai markerte EU sin ambassadør til Noreg, János Herman, Europadagen med ei mottaking i Bergen. Dette er første gong den vert markert i Bergen, sjølv om Bergen, som ambassadøren sa det ”kanskje er den mest europeiske byen i Noreg”.

    10.05.2011
    Charlotte Lillefjære-Tertnæs
    Les heile saka
  • Fargerik markering av Europeisk Ungdomsveke

    Fargerik markering av Europeisk Ungdomsveke Sundag 8. mai vart Europeisk ungdomsveke markert for andre gong i Hordaland. Arrangementet fann stad på FYSAK Allaktivitetshus i Bergen. Til tross for varmerekord i Bergen var det mange ungdommar som møtte opp til aktivitetar som graffitikonkurranse og dance battle

    09.05.2011
    Charlotte Lillefjære-Tertnæs
    Les heile saka
  • ESA har godkjent statsstøtte til vindpark i Hordaland

    ESA har godkjent statsstøtte til vindpark i Hordaland EFTAs overvåkningsorgan, ESA, godkjente 6. april statsstøtte til Midtfjellet Vindkraft AS for produksjon av vindkraft i Midtfjellet vindpark på Fitjar i Hordaland. Selskapet vil motta 346,5 millioner kroner fra Enova.

    18.04.2011
    Les heile saka
  • Betre informasjon for kommunesektoren på Europaportalen

    Betre informasjon for kommunesektoren på Europaportalen Regjeringa sin informasjonskanal om Noregs samarbeid med Europa, Europaportalen, har laga ein eigen inngang for kommunesektoren. Dette skal gjere det lettare for kommunane å orientere seg i informasjonsjungelen

    18.04.2011
    Les heile saka
  • EU-millionar til kulturprosjekt i vest

    14.03.2011
    Les heile saka
  • Aktiv Ungdom programmet - eit fantastisk verktøy for ungdomsorganisasjonar

    Aktiv Ungdom programmet - eit fantastisk verktøy for ungdomsorganisasjonar "Aktiv Ungdom programmet er et fantastisk verktøy for ungdomsorganisasjonar," seier Leila Rezzouk, ein av deltakarane på Aktiv Ungdom sitt informasjonsmøte måndag 17. januar. Dagen etter deltok nesten 50 ungdomar og ungdomsarbeidarar på ein prosjektutvikl

    24.01.2011
    Barbara Harterink
    Les heile saka
  • Eit skuleår litt utanom det vanlege

    Eit skuleår litt utanom det vanlege – Det er fint å få eit skuleår litt utanom det vanlege når du er litt skulelei, seier Torger Wahlquist som er ein av elevane frå Hordaland som har fått eit år på Kirkwall Grammar School på Orknøyane.

    23.12.2010
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Stjerneklare hordalandskonsertar på Orknøyane

    Stjerneklare hordalandskonsertar på Orknøyane «Sjugur ofra livet for jomfrua.» 270 elevar frå sju til tolv år ved Papdale Primary School på Orknøyane stemde i dette refrenget då årets skulekonsertgåve frå Hordaland vart servert.

    22.12.2010
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • 25 år med juletre frå Hordaland til Edinburgh

    25 år med juletre frå Hordaland til Edinburgh Det norske juletreet frå Hordaland fylkeskommune er tent i Edinburgh. Dette skjedde torsdag 25. november i ein vinterkald skotsk hovudstad. Ramma rundt tenninga av juletreet er vinterfestivalen som finn stad i Edinburgh den siste veka av november kvart år

    30.11.2010
    Paul J. Manger
    Les heile saka
  • Delegasjon til Normandie under Boréalesfestivalen

    Delegasjon til Normandie under Boréalesfestivalen Denne veka var 20 personar frå Hordaland, både politikarar, administrasjon og eksterne partnarar, på delegasjonsvitjing i fylkeskommunen sin samarbeidsregion Nedre-Normandie, 21-25. november. Den nordiske kulturfestivalen Les Boréales danna ramma for vitj

    26.11.2010
    Charlotte Lillefjære-Tertnæs
    Les heile saka
  • Vellukka internasjonalt seminar for kommunane

    Vellukka internasjonalt seminar for kommunane Torsdag 28. oktober arrangerte Internasjonal seksjon i fylkeskommunen, saman med Vest-Noregs Brusselkontor dagsseminaret "Internasjonalisering - ein veg til attraktive kommunar" for kommunane på Vestlandet. Her vart dei internasjonale moglegheitene deira

    04.11.2010
    Charlotte Lillefjære-Tertnæs
    Les heile saka
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart