URBACT II er eit EU-program for bærekraftig og urban byutvikling. Europeiske byar arbeider saman og danner tematiske nettverk og arbeidsgrupper. Nettverka kan få støtte til utveksling av erfaringar og utarbeiding av strategiar for byutvikling.
Målet for programmets er å fremme erfaringsutveksling av dei gode erfaringane til andre byar og generelt føre til spreiing av informasjon og resultat.
Prosjektdeltakarar kan være byar, regionar, nasjonale styresmakter og FoU-institusjonar innan EU og EØS. I kvart nettverk må det være minst 8 til 12 partnarar, og 3 av dei må være frå ulike land. Tre av partnarane kan vere anna enn byar (dvs universitet, forskingssentrar, nasjonale/lokale myndigheiter etc.). Partnarskapet må representere ein balanse av EU si regionsinndeling mellom Competitive og Convergence regionar. Sjå kart her.
Programmet har to prioriterte innsatsområde:
1) Byar som motor for økonomisk vekst og sysselsetting i regionen
(kan få støtte til nettverk knytta til entreprenørskap, innovasjon, IKT, FoU, sysselsetting)
2) Byar som er velfungerandre og attraktive i regionen (kan få støtte til nettverk knytte til sosial integrasjon, offentlig tenestetilbod, transport, byplanlegging, miljø og styringsspørsmål)
Neste utlysing: høst 2011
For spørsmål om dette programmet, kontakt Kate Clarke - tlf: 55 23 95 32.
Meir informasjon på programmets heimeside.